1-1 mot Florø
God gjennomkøyring for begge lag
Det vart 1-1 mellom Sogndal og Florø i dagens treningskamp i Sognahallen. Stillinga til pause var 0-0.
Med treningsoppstart for året på tysdag denne veka, var det god driv og ein heilt grei gjennomkøyring. Me er i januar og det skal sparkast ein del ballar før seriestart i april.
- Me hadde med oss ein del unge frå Sogndal 2 i dag. Det er kjekt for dei å få kjenna på det, og det er kjekt for oss å sjå dei i aksjon på eit høgre nivå. Dei klarte seg bra, sa Rune Bolseth etter kampslutt.
Det var ein av hans gamle elevar frå Sogndal 2 som opna skåringskontoen. Eivind Helgesen fekk eit flott innlegg frå Simen Brekkhus, og den unge sogndølen breisida ballen kontant i nota.
Forutan spelarar frå Sogndal 2, hadde me med oss Ulrik Flo og Akeem Latifu. Begge er på treningsopphald i Sogndal for tida.
Me starta kampen slik:
Mathias Dyngeland - Akeem Latifu treningsopphald), Per Magnus Steiring, Reiss Greenidge, Tomas Totland - Stanisa Mandic, Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Sixten Dale Jensen (Sogndal 2) - Markus Brændsrød, Ulrik Flo (treningsopphald)
I andre omgang starta me slik:
Tarjei Omenås - Akeem Latifu (treningsopphald), Adrian Solberg (Sogndal 2), Even Hovland, Simen Brekkhus - Eivind Helgesen (Sogndal 2), Sixten Dale Jensen (Sogndal 2), Didé Fofana, Edin Øy - Ulrik Flo (treningsopphald), Fredrik Flo
Innbytarar i 2. omgang: Nord, Lereng, Flåten frå Sogndal 2)
No har gutane fri i morgon, og på måndag startar ein oppatt med ny treningsveke.