Joachim har signert
Mannen med den slepne venstrefoten blir Sogndal-spelar dei tre neste åra.
Sogndal Fotball og Åsane Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelaren Joachim Soltvedt (f. 9/11-1995). Bergensaren har i dag skrive under på papira som gjer han til Sogndalsspelar dei neste tre åra, fram til 1/8-2020.
- Me er særs glade for å ha landa denne signeringa, seier sportsleg leiar Håvard Flo.
- Joachim er ein spelar me har hatt i kikkerten lenge, og no ser me fram til at han blir hjå oss dei neste tre åra, smiler Flo.
Soltvedt sparka aldersbestemt fotball for moderklubben Lyngbø. Han gjekk til Brann som junior, og spelte ei rekkje med kampar på Brann 2 i sesongane 2012-2014. Då debuten for A-laget lot vente på seg, valde han å gå til Åsane før 2015-sesongen.
- I Åsane har han hatt ei spennande og flott utvikling, og han har kvalitetar som vil passe godt inn her hjå oss, seier Flo.
Etter overgangen til dei oransje har Joachim spelt 80 kampar for A-laget til Åsane, og er ein spelar som ligg i toppen av poengligaen kvart år. Han særs gode venstrefot gjer at han er nest sist på mange skåringar, men han veit óg å finna vegen til nettmaskane.
- Joachim er klar til å ta nye steg her i Sogndal, og me gler oss til desse tre åra, avsluttar Håvard Flo.
Sogndal Fotball takkar Åsane Fotball for godt samarbeid i samband med overgangen.