Nye utfordringar for Fredrik

Flo har signert for Sotra SK

Sogndal Fotball og Sotra SK er samde om ein overgang for Fredrik Flo. Fredrik har slutta seg til sine nye lagkameratar, og han blir å sjå i den blå drakta i sesongen 2019.

- Eg har fått et veldig godt inntrykk av Sotra hittil. Det er ein fin og inkluderande gjeng som har tatt meg veldig godt imot, seier Fredrik.

Sotra spelte i 3. divisjon i fjor og rykka opp til Post Nord-ligaen. I år ventar eit tøft år, og Fredrik er klar for å ta utfordringa, i ny posisjon.

- Eg blir prøvd ut i ein ny posisjon no, som midtstoppar, så mitt personlege mål no er å å tilpassa meg den posisjonen på best mogleg måte, og etter kvart når eg er klar for det, spele meg til ein fast plass på laget.

Fredrik har gått gradene i Sogndal Fotball, og fekk kontrakt med A-laget i 2015. Tilsaman vart det ni kampar og tre skåringar for A-laget. Dei beste minna kom med opprykket i 2015, og det å få spela mot Rosenborg på Lerkendal er noko Fredrik hugsar godt.

Fredrik var på utlån til Bryne i 2017 og Fana i 2018.

- Eg er veldig takknemleg for tida eg fekk i Sogndal, der eg har lært utrulig masse, seier Fredrik, og ynskjer å takka trenarane og andre i klubben for tida me har hatt i lag.

Me takkkar Fredrik for strålande innsats, og ynskjer han lukke til i Sotra.

 

Annonse fra Obos-ligaen: