Martin Høyland scora mot Frøya

Runde 5: Bryne - Sogndal

Ny bortekamp i OBOS-ligaen når me tek turen til Jæren

  • Bryne - Sogndal
  • Laurdag 27. april kl. 16:00
  • Bryne stadion

I dag reiser karadn med fly til Stavanger før kampen mot Bryne i morgon. Me er klare for ein ny bortekamp i OBOS-ligaen, og ventar ein tøff kamp mot Bryne på Jæren.

Byrjinga på sesongen til Bryne har inneheld både sigrar og tap. Dei slo Start 3-1 heime i serieopninga, tapte 1-0 for Stabæk borte og Levanger heime, før dei slo Raufoss 1-0 borte. I cupen har dei vunne 10-0 mot Forus og Gausel før dei slo Mandalskameratene 7-0 i førre kamp. Bryne er i scoringsform, og jaktar siger når me kjem på besøk.

Me er også vidare til 3. runde i NM etter siger på straffesparkkonkurranse mot Frøya. Karadn har restituert og trent nokre dagar før me no skal til Bryne. Me står framleis utan tap, og ønskjer sjølvsagt å gjere det også etter denne kampen. 

Me håpar det er fleire sogningar og Sogndalsupportarar på Jæren i morgon. For dei som tek turen kan ein kjøpe billett via lenkja under! Om du ikkje får sett kampen på stadion er Fjøra Pub i Sogndal eit alternativ. Kampen visast også på Tv2 play og Direktesport, men å sjå kampen saman med andre supporterar er ekstra kjekt!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: