To nye år med Bakke
Eirik Bakke har forlenga med Sogndal
Eirik Bakke har signert ein ny 2-års avtale som hovudtrenar for Sogndal Fotball, og med det er ei viktig brikke i kabalen for 2020 på plass.
Bakke har vore hovudtrenar på Fosshaugane sidan 2015, og er no inne i sin femte sesong.
StyreleiarTor Arne Ness var veldig fornøgd med å få signaturen til Bakke før dagens treningsøkt.
- Me er veldig glade for at Eirik er klar for ein ny periode i Sogndal. Det gir oss kontinuitet, og me ser at vi har noko spennande på gang med ei ung, lovande spelargruppe som har teke tak utover i sesongen, seier Ness.
Sogndal Fotball er inne i ein periode der ein har gjort, og gjer grep for å møta den nye kvardagen, og med Eirik sin signatur på blokka er ein sentral stilling i boks.
- Klubben er i omstilling på mange område, og det er godt å få avtalen med Eirik på plass for den vidare planlegginga. Samstundes er me på veg inn i ei spennande sesongavslutning, og det er viktig at det sportslege apparatet får halda fokus på det framover, seier styreleiar Tor Arne Ness i ein kommentar.
Eirik Bakke ser fram til to nye år i Sogndal.
- Eg gler meg til å få jobba vidare med å utvikla ei ung og spennande spelargruppe, seier Bakke, som i dag fyller 42 år.
- Me har ei gruppe med unge, svoltne spelarar no, eg ser potensiale i denne gjengen og hadde veldig lyst til å vera med på vegen vidare, held Bakke fram.
Eirik er den trenaren med lengst fartstid i Sogndal, sjølv om han er ung i trenaryrket.
- Det har vore fem spennande og lærerike år, både med oppturar og eg har kjent på motgang. Me har gått nokre runder, eg ser at det kan bli veldig spennande framover, seier Eirik.
- Eg er veldig motivert for å dra denne gjengen vidare. No har me fått dette på plass, og me kan legga planar for framtida, avsluttar Eirik Bakke.
Me ser fram til mange kjekke stunder i lag med Eirik dei neste åra!