To nye stoggarar signert

Rutinerte karar inn porten på Fosshaugane

Grunna den akutte stoggarkrisa, der me har sentrale spelarar ute med langtidsskader, har Sogndal Fotball i dag signert to stoggarar.

Rutinerte Espen Næss Lund (f. 7/5 1985) og Kjetil Wæhler ( f. 16/3 1976) har i dag gjennomført si første treningsøkt med gutane, og signert papira hjå sportsleg leiar Håvard Flo som gjer dei til Sogndal-spelarar ut sesongen 2017. 

Annonse:

- Me er veldig glade for å ha desse to på plass. Sjølv om dei ikkje har spelt for klubb sidan i fjor, har begge holdt seg i god form. Med sin rutine kjem dei til å bidra godt på treningsfeltet, i garderoben og i kamp, seier Flo.

Espen kjem attende til gamle tomter når han no gjer comeback på Fosshaugane Campus. Han kom til oss før sesongen 2011 og spelte her i tre år. Diverre vart opphaldet prega av mykje skader. Tidlegare hadde han spelt for FK Tønsberg og Vålerenga. Under tida her var han på utlån til Strømmen.

IMG_1205
Tilbake i kvitedrakta: Espen Næss Lund (Foto: Rune Sjøberg)

Dei siste tre sesongane har han spelt for Kristiansund BK, og han var med på å spele dei opp i Eliteserien etter fjorårets solide sesong. 

Kjetil har også ein lang fartstid på fotballbana, der han står notert med ikkje mindre enn 32 A-landskampar for Norge. Han har og spelt på U21-landslaget i lag med sin nye trenar, Eirik Bakke. Han hadde sin siste opptreden på det norske landslaget i 2013. 

IMG_1227
Kjetil Wæhler får trøye 41, som óg er alderen hans (Foto: RUne Sjøberg)

Veteranen starta karriera si i Lyn. Sidan har han spelt for Wimbledon, Moss, Vålerenga, Aalborg, IFK Göteborg og Vålerenga igjen. Han la opp etter fjorårets sesong.

- Det er kjempeflott at desse to solide gutane kjem inn no, og eg vil takka dei for at dei hjelper oss i denne situasjonen med mange skader, seier Flo.

- Me er sikre på at Espen og Kjetil vi bidra sterkt og godt inn i klubben og spelargruppa. Med sine erfaringar på og utanfor bana har dei dei beste føresetnader for å bidra på ein god måte framover, avsluttar Håvard Flo.

Velkomen til Sogndal, Kjetil og Espen!

Annonse fra Obos-ligaen: