Wæhler er tilbake!
Stoggaren er med oss ut 2018
Kjetil Wæhler (f. 16/3-76) er attende i den kvite og svarte drakta. Stoggaren skal vere med å forsterke laget ut sesongen 2018.
- Me er svært nøgde med at Kjetil har sagt ja til å bli med oss ein sesong til. Han er i gong på feltet, og blir ei viktig brikke for oss både i kamp og ikje minst i treningskvardagen, serier sportsleg leiar Håvard Flo.
- Kjetil var svært viktig for oss i fjor. Med sin rutine stod han fram som eit eksempel for det unge mannskapet vårt, og han var ein viktig mentor både på og utanfor bana. Dette er ei rolle han og vil bekle i 2018, seier Håvard Flo.
Me kjem tilbake med intervju av Kjetil i løpet av kort tid
Veteranen starta karriera si i Lyn. Sidan har han spelt for Wimbledon, Moss, Vålerenga, Aalborg, IFK Göteborg og Vålerenga igjen. Han gjorde comeback i Sogndaldrakta i 2017.