
Informasjon for bortesupportar
Her finn ein nyttig informasjon for deg som er bortesupportar på Fosshaugane Campus
Sogndal Fotball ønskjer alle bortesupportarar hjarteleg velkommen til Sogndal og Fosshaugane Campus! Under finn ein nyttig informasjon for deg som besøkande supportar!
SLO/Supporterkoordinator
Sogndal Fotball har to "Supporter liaison officer" eller supporterkoordinatorar. Dei har som oppgåve å vere eit bindeledd mellom supportarar og klubb. Det er Therese Langeland som er supporterkoordinator på heimebane, medan Sindre Myrvang er supporterkoordinator på våre bortekampar. Ikkje nøl med å ta kontakt for stort og smått knytt til kamparrangementet. Supporterkoordinatorane er her for alle supportarar, og gler seg til å ta godt i mot dykk!
Supporterkoordinator
-
Therese LangelandSupporterkoordinator heimebane
- Telefon
- 470 95 483
- E-post
- sksogndal
@sogndalfotball.no
-
Sindre Tjørhom MyrvangSupporterkoordinator bortebane
- Telefon
- 906 40 323
- E-post
- sksogndal
@sogndalfotball.no
Tilkomst
Adresse: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Fosshaugane Campus ligg tett på Sogndal sentrum, og det tar ca. 10-15 minutt å gå frå både Sogndal Skysstasjon og Quality Hotel Sogndal. Ein kan gå langs elva (Fossvegen) eller frå Dalavegen og opp Trolladalen (Sjå kart). Begge ruter vil føre til riktig side av stadion for bortesupportarar.

Parkering
For supportarar som kjem til Sogndal med privatbil eller buss er det sjølvsagt mogleg å parkere ved stadion. For privatbilar anbefalar me å parkere ved Lunnamyri 1 eller Lunnamyri 2, då dei ligg nærast inngangen til bortefeltet. Kartet under viser dei ulike parkeringsplassane på Fosshaugane Campus. Parkering for supportarbuss ligg like ved inngangen til bortefeltet. Ta kontakt på førehand slik at vaktar kan opne porten.
.png)
Billettar og inngang
Billettar til våre arrangement kan kjøpast via ticketco.no. Lenkje til billettkjøp finn ein her på heimesida, men ein kan også gå til ticketco.no og søke på arrangementet det gjeld. Det føregår for tida renovering av kortsida på Fosshaugane Campus, som betyr at bortefeltet midlertidig ligg på Fylkestribuna (sjå biletet under). Inngang til bortefeltet er ved port 6. Innslepp på stadion byrjar 1 time før kampstart.

Overnatting
For supportarar som ønskjer å overnatte i Sogndal er anbefalar me Quality Hotel Sogndal. Hotellet ligg idyllisk plassert i hjarte av Sognefjorden, og er det perfekte hotellet for deg som vil oppleve kva Sogndal har å by på. Hotellet består av 226 rom fordelt på 6 etasjar og er det største hotellet i Sogndal. Quality Hotel Sogndal ligg veldig sentralt og i gåavstand til både stadion, kjøpesenter, skysstasjon og alt av butikkar og restaurantar i Sogndal. I sjølve hotellet kan ein faktisk nyte mat og drikke frå 3 ulike restaurantar, og her finn ein noko for ein kvar smak. Det tek under eit minutt å gå til Skysstasjonen, og berre eit par minutt lenger om du kjem med hurtigbåten frå Bergen.
.jpg)
Sikkerheit og reglement
Sogndal Fotball tek sikkerheit på alvor, og jobbar alltid for at det skal vere trygt på Fosshaugane Campus. Difor er det viktig for oss at alle våre gjester følgjer gjeldande reglar under arrangementa våre. På kvar kamp vil det vere vertar som ivaretar sikkerheita til gjestene våre. Me har også god dialog med lokalt politi som kan bistå ved behov. Me anbefalar gjestande supportarar å gjere seg kjent med regelverket på førehand. Velkommen til ei god stadionoppleving på Fosshaugane Campus!
Stadionreglementet finn ein her!
STAO NO PAO!