6 strake tap etter nytt nederlag mot Bryne
Me leia kampen to gonger, men tapte 3-2 mot Bryne A-laget
Ny kamp og nytt tap. Me fekk ein flott start på kampen, men Bryne utlikna to gonger og scora også det avgjerande målet før pause. I andreomgang vart det ingen fleire mål og poenga blir med Bryne til Jæren.
Me fekk ein draumestart på kampen når Felix Eriksson fann kaptein Per-Egil Flo inne i boksen. Midtstopparen steig til værs og stanga oss i føringa før det var spelt 2 minutt. Diverre var det kortvarig glede, for allereie minuttet etter låg ballen i målet bak Lars Jendal og Sanel Bojadzic hadde utlikna for bortelaget.
Me fortsatte å kjempe og når det var spelt 19 minutt kom leiarmålet på nytt. Axel Kryger stanga ut etter ein dødballsituasjon og på 16 meter stod Martin Høyland. Midtbanespelaren plasserte ballen i det lengste hjørnet på volley og me var tilbake i føringa. Berre 5 minutt seinare kom utlikninga når Duarte Moreira satte ballen i mål. 4 minutt etter 2-2 kom også den avgjerande 2-3-scoringa. Lasse Qvigstad var spelaren som avgjorde kampen.
Det vart ingen mål i andreomgang, sjølv om me var svært nær ved nokre anledningar. Ein betre prestasjon enn dei siste kampane endar difor med nok eit tap. Dette sa hovudtrenar Tore André Flo etter kampen:
Tusen takk for støtta i dag også! Me set stor pris på dei som er her i tunge tider! Neste kamp kjem allereie på laurdag når me møter Stabæk på bortebane. Me håpar at eit stort bortefelt kan fyllast med svart og kvitt!
STAO NO PAO!