Akor Jerome Adams blir Sogndal-spelar
Den nigerianske spissen har signert.
Sogndal Fotball og Akor Jerome Adams (f. 29/1 2000) har signert ein avtale som strekkjer seg til og med 31. juli 2019.
Sogndal Fotball og Jamba Football Academy er samde om ein utlånsavtale med kjøpsopsjon for Adams i same tidsrom.
Akor er frå Nigeria, og han har vore her hjå oss på treningsopphald i to perioder, først i mars i år, og no i somar. Han har vist seg so godt fram at dette er ein gut me vil ha med oss vidare.
Akor er på U20-landslaget til Nigeria, der han etter fem kampar har nortert seg for fire skåringar.
Nysigneringa har fått tildelt nummer 28 på trøya.
- Dette er ein veldig spennande spiss. Jerome er ein kjempefin gut som har glidd godt inn i gruppa, og me gler oss til å få vera med og utvikla han vidare som fotballspelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.
Akor er ein kraftfull spelar med god fysikk og han har gode avslutningsferdigheiter.Den hurtige karen frå Nigeria har óg gode eigenskaper som person.
- Akor har utvikla seg flott både som spelar og på det personlege planet. Me kjenner kvarandre godt no og det er ein fin gut. Han har flotte verdiar, er veldig reflektert og ein fornuftig kar, seier Flo.
Akor sjølv har klare ambisjonar, han vil spela toppfotball i framtida.
- Eg er veldig glad for å vera her i Sogndal. No må eg jobba hardt og stå på. Eg skal jobba hardt for laget, spela kampar og utvikla meg vidare, seier Akor.
Me ynskjer Akor Jerome Adams velkomen til Sogndal!