![](/nyheiter/akor-ute-i-tre-manader/_/image/ea21d606-93f0-4852-a557-df8b698e2f20:1c0f526c573b617c905d1049e2a2ac4474056e8f/wide-1600-900/Akor%20og%20Sondre.jpg)
Akor ute i tre månader
Spissen har ein skade i ryggen
Akor Adams er diverre ute i minst tre månader med ein lei ryggskade.
Dette er ein strek i rekninga for trenar Eirik Bakke.
- Med Akor ute, mistar me ein viktig spelar, så dette er veldig kjedeleg, både for laget og ikkje minst guten sjølv, seier Bakke.
- Akor spelte alt av kampar i oppkøyringa til sesongen, dette skulle vera året hans. No skal me ta godt vare på han og sørga for at han får god hjelp med å bli frisk, seier Bakke.
Me traff Akor og fysioterapeut Sondre Sjøgren Jakobsen på behandlingsrommet. Som alltid var Akor audmjuk og reflektert.
![Akor og Sondre går gjennom treningsopplegget](https://www.sogndalfotball.no/nyheiter/akor-ute-i-tre-manader/_/image/f78dac68-f045-4915-9afc-e1451177a5ae:3e946d722719d23b6b1fb5b8dcfaecd1df868937/width-800/Adams%20og%20Jakobsen.jpg)
- Uansett kva som skjer så takkar eg Gud. No må eg vera positiv og gjera det fysioen seier.
Skaden var ikkje heilt det Akor hadde sett for seg i år.
- Det er jo kjedeleg både for meg og for gruppa, men det er bra at me fann ut tidleg kva som var gale, seier Akor.
- Spelaren har hatt ryggplagar ei stund no, og me foretok ei MR-undersøkelse. Den viste oss ein skade i ryggen som ein må ta hensyn til, seier Jakobsen.
- Akor treng å vera tolmodig no, og trena seg sakte oppatt. Samstundes må han la ryggen få nok kvile, seier Jakobsen.
- Eg håpar at Akor får bli med og bidra mot slutten av sesongen, eg ser fram til å sjå han på bana i kvitedrakta att, avsluttar Eirik Bakke.
- Eg er snart tilbake, smiler Akor.
![Me ynskjer Akor god betring!](https://www.sogndalfotball.no/nyheiter/akor-ute-i-tre-manader/_/image/858a7b0f-d9bc-454b-b7a6-a1387f0f4964:9da9f9b7ac00c186b7f1cfae549ad3abe845c0e4/width-800/916792Akor%20Adams.jpg)