Andreas Hoven til Stabæk

Sogndal Fotball og Stabæk Fotball er samde om ein overgang for Andreas Hoven

Sogndal Fotball og Stabæk Fotball er samde om ein overgang for forsvarsspelar Andreas Hoven, f. 20. februar 1998. 

Andreas kom til oss frå Strømsgodset i august 2019. Når han kom var han ein spennande midtbanespelar som i hovudsak spelte i kantrolla. Gjennom åra i Sogndal har han tatt store steg både som fotballspelar og som person, og no går vegen vidare. Andreas har vorte ein viktig spelar for oss, og blitt ein solid forsvarsspelar med god rutine og leiareigenskapar. Kontrakten hans med oss går ut etter 2024-sesongen, og no har me beslutta å selje han til Stabæk.

- Då Andreas er inne i sitt siste år i Sogndal har han signalisert til klubben over tid at han ønskte å sjå seg om etter nye utfordingar. Andreas har vore ein lojal spelar over tid, og har gjeve oss mykje glede i Sogndaldrakta. Det er grunnen til at me har beslutta å selje han til Stabæk no når moglegheita kom, fortel Håvard Flo.

IMG_0330 a.JPG
Andreas takkar Juniorsvingen etter 5-1-sigeren mot Sandnes Ulf

For Andreas har det vore fleire grunnar til at han no ønskte å reise vidare:

- Eg har sakna vennar og familie og det blir godt å komme litt nærare dei. Etter 5 år ønskte eg å komme tilbake til austlandet. Dei kvardagslege tinga som dette var med å påverke, samtidig som at Stabæk er ein spennande klubb.

Når Andreas kom i august 2019 signerte han ei kontrakt ut 2021. Berre nokre veker seinare kom bror Kristoffer til Sogndal, og me hadde eit nytt brødrepar i stallen. Begge gjorde sakene sine godt og i september 2020 forlenga dei avtalane sine. Kristoffer reiste seinare til Skeid, men Andreas fortsette å levere stabilt gode prestasjonar i Sogndal. Når Tore André overtok hovudtrenaransvaret i 2022 gjekk stallen gjennom store endringar. Andreas var framleis med vidare og vart ei viktig brikke i eit ungt lag. Han utvikla seg til å bli ein god høgreback som alltid var til å stola på. I starten av 2023 forlenga han avtalen sin igjen, og er no den spelaren i dagens stall som har vore her lengst. 

- Eg har vel vore ei vandrande potet. Når eg kom som kantspelar vart det ikkje nok målpoeng, og eg vart flytta lenger ned i bana. Fyrst spelte eg litt vingback før eg vart ein meir tradisjonell høgreback dei siste sesongane. Eg føler at eg verkeleg har funne min plass.

Korleis har tida i Sogndal vore?

- Eg har trivest veldig godt, og det har vore kjekt å vera i Sogndal. Det er ein veldig fin plass både for fotball, men også livet utanfor. Eg har vakse både som spelar og person i løpet av tida mi her.

Andreas sin siste kamp vart sigeren mot Kongsvinger i helga. Over 4500 på tribuna, siger og ingen baklengsmål gjorde at det vart ei perfekt avslutning. Etter kamp fekk han fortent hyllest frå Saftkokaradn, og det betydde mykje for Andreas:

- Det var deilig å avslutta med siger. Eg håpa verkeleg me skulle klare det, og det låg vel litt i korta. Det var veldig deilig å avslutta med 3 poeng, og å få ein skikkeleg avskjed saman med supportarane. Eg satte stor pris på hyllesten frå dei, og stod der med ein klump i halsen etter kampen. Tusen takk!

IMG_7339.JPG
"Alltid ein av oss - Tusen takk Andreas!" Saftkokaradn takka Andreas for innsatsen etter kampen mot Kongsvinger!

Partane har også vore i dialog om forlenging av avtalen, men Andreas ønskte no å ta steget vidare til nye utfordringar. Me takkar Andreas for mange fine år her i Sogndal, og ønskjer han masse lukke til vidare!

- Eg må få seie tusen takk til alle saman. Det har vore ei ære å spele for Sogndal saman med ein flott gjeng. Dette er verkeleg ein flott familie. Eg ønskjer dykk masse lukke til, og så sjåast me på bana veldig snart!

Allereie i neste kamp møter me Stabæk til treningskamp. Les meir om den her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: