Andreas Kalstad signerer proffkontrakt!

Lokale Andreas Kalstad tek steget opp frå utviklingsavdelinga til A-lagstroppen!

Andreas Kalstad, f. 9. juni 2006, har signert proffkontrakt med Sogndal Fotball! Avtalen strekkjer seg ut 2026-sesongen!

- Det er sjølvsagt veldig kjekt å signere min fyrste proffkontrakt for Sogndal. Sogndal er ein fin plass der eg får ro til utvikle meg, og å ta fleire steg som fotballspelar. Eg trivst veldig bra her, og det at klubben vil satse på meg gjev meg ei tryggleikskjensle samt motivasjon til fortsette det gode arbeidet. Eg er stolt og audmjuk over å vera ein del av denne gjengen, sa Andreas etter at avtalen var signert.

Andreas Kalstad signerer sin fyrste proffkontrakt
Andreas Kalstad har signert sin fyrste proffkontrakt!

Andreas Kalstad frå Gaupne i Luster kommune har vore ein del av Sogndal Fotball sidan 2018. Han viste seg tidleg som eit stort talent i moderklubben Bjørn, og byrja å hospitere med oss. Han spelte altså kampar for Bjørn i tillegg til å vera med på kampar, treningar og turneringar med Sogndal. I 2021 meldte overgang til Sogndal for å satse på fotballen. Sidan overgangen har han mange kampar på aldersbestemt nivå, inkludert kampar i nasjonal serie. 22. august 2021 fekk han debuten for Sogndal 2 som 15-åring. Fram til i dag har han spelt 38 kampar for Sogndal 2 i tillegg til kampane for NG19 i nasjonal serie, og G19 i lokal serie.

- Heile utviklingsavdelinga blir stolte og glade over at ein spelar som har gått utviklingsløpet i Sogndal Fotball får kontrakt med A-laget. For oss er det hovedmålet, å fasilitere og legge til rette for at unge spelarar blir gode nok til å ta steget opp. Andreas Kalstad er ein spelar som har vore i gangane her og vore hospitant i Sogndal Fotball i ein lengre periode. Me har hatt eit godt samarbeid med Bjørn IL og han har over tid spelt seg oppover i aldersklassane. Andreas har ein x-faktor som spelar, og eg ein kulturbærar som er skikkeleg «heil ved». I tillegg har han jobba hardt og stått i tunge periodar med skadar. Det ser me at har påverka han til å bli ein tøffare og sterkare spelar. Me er veldig glade på Andreas sine vegne, men også familien og moderklubben Bjørn, fortel utviklingssjef Erling Ola Fykse.

Utviklingssjef Erling Ola Fykse og Andreas Kalstad
Utviklingssjef Erling Ola Fykse og Andreas Kalstad

Andreas fekk debuten for A-laget i cupen mot Førde i 2023. Seinare same sesong kom også debuten i OBOS-ligaen når han fekk eit innhopp i bortekampen mot Skeid på Nordre Åsen. Totalt den sesongen vart det 4 kampar fordelt på NM og OBOS-ligaen. Diverre gjorde ein skade at det ikkje vart fleire moglegheiter, og den unge kantspelaren var ute i lang tid. I år har han endeleg kome tilbake, og etter nokre kampar for Sogndal 2 var han tilbake i A-lagstroppen som ein del av B-lista. Etter sommarferien har han spelt i alle tre kampane, og no signerer han sin fyrste proffkontrakt!

- Me har sett flott utvikling hjå Andreas i dei siste sesongane. Han har tatt steg etter steg, og no har han fått seg tre kampar der han beviser at han er ein veldig spennande spelar. Han er ein spelar som Sogndal kan få mykje glede av i tida framover. Andreas har både fart, teknikk og god skotfot, og er veldig lærevillig. Det er også kjekt at han er lokal. Han er ein blid gut, og har mykje av det me ser etter i ein fotballspelar også utanfor bana, fortel hovudtrenar Tore André Flo.

Vegard Bjørklund, Andreas Kalstad, Rasmus Mo og Tore André Flo smiler og ler på biletet
God stemning i kontorlokala når ein lokal spelar signerer kontrakt. Vegard Bjørklund og Rasmus Mo ville også vera med på biletet!

Dagen etter signeringa tok me ein prat med Andreas på trening. Intervjuet kan du sjå her:


Me gratulerer Andreas med proffkontrakt og gler oss til mange flotte opplevingar i åra som kjem! Den neste moglegheita til å sjå han i aksjon er i heimekampen mot Levanger på laurdag! Kjøp billett no og kom på kamp!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: