Andreas van der Spa til Sandefjord
Sogndal Fotball og Sandefjord Fotball er samde om ein permanent overgang for Andreas van der Spa A-laget
Sogndal Fotball og Sandefjord Fotball er samde om ein permanent overgang for Andreas van der Spa.
Andreas kom til oss frå Øygarden i september 2020. Begrensa speletid gjorde at han i april året etter reiste på utlån til Arendal. Der fekk han 29 kampar og tok store steg. Før 2022-sesongen var han tilbake i saftbygda og klar for spel i OBOS-ligaen igjen.
No har han gitt uttrykk for at han ønskjer å sjå seg om etter nye utfordringar:
- Andreas er ein spelar med høge ambisjonar og ein draum om å spele på så høgt nivå som mogeleg. No begynner han å få ei relativ lang fartstid i klubben, og det er naturleg for han å ta det neste steget. Når Sandefjord var interessert føler me det er rett å la han få moglegheita, seier Håvard Flo.
Det blei til saman 63 kampar i kvitedrakta for Andreas. Han har utmerka seg som ein god fotballspelar og fått merksemd frå fleire klubbar på høgare nivå. Som midtstoppar noterte han seg også for 4 mål, der den siste kom mot Mjøndalen i årets siste kamp.
Andreas takkar for tida i Sogndal:
- Takker for en fin og lærerik tid i Sogndal! Føler at jeg er blitt en bedre spiller under di årene jeg har vært her. Føler jeg har utviklet meg som fotballspiller og person, og føler meg nå klar for å ta steget videre til Sandefjord og Eliteserien! Føler dette er ett riktig steg for meg etter gode samtaler med Hans Erik (Hovudtrenar Sandefjord) der jeg føler meg veldig ønsket. Samt kommer til riktig plass for å utvikle meg videre!
Me takkar Andreas for innsatsen og ønskjer han masse lukke til vidare!
STAO NO PAO!