Andrine Sønnesyn er utteken til J14 Regional Landsdelsturnering!

Andrine Sønnesyn frå Sogndal Fotball er teken ut til J14 Regional Landsdelsturnering på Nærbø

Helga 6. - 8. september arrangerer Equinor Landslagsskule Regional Landsdelsturnering på Nærbø. Nærbø Cup 2024 består av 4 lag, der kvart lag er samansatt av spelarar frå 4-5 ulike fotballkretsar. Alle deltakarane er fødde i 2010, og Andrine Sønnesyn frå Sogndal Fotball er ein av spelarane som representerer Sogn og Fjordane!

- Eg vart litt overraska, men det er veldig kjekt å bli tatt ut. Det blir kjekt å spele med og mot nokre av dei beste spelarane på min alder i Norge. Eg gler meg og det blir spennande å sjå korleis nivået er, fortel Andrine.

Dei 4 laga er samansett slik:

Lag 1: Rogaland, Agder, Telemark og Sogn & Fjordane
Lag 2: Hordaland, Trøndelag, Sunnmøre og Nordmøre & Romsdal
Lag 3: Indre Østland, Akershus, Østfold, Buskerud og Vestfold
Lag 4: Finnmark, Troms, Hålogaland, Nordland og Oslo

Andrine Sønnesyn
Andrine Sønnesyn er teken ut til Regional Landsdelsturnering

Andrine Sønnesyn er ein del av lag 1 saman med desse spelarane:

1. Selma Myra Pettersen, Vindbjart FK
2. Helene Mannes, SK Nord
3. Eili Silden, Måløy FK
4. Malin Tollefsen, Viking FK
5. Mille Wiig Bangsmoen, Rosseland BK 
6. Tilde Lomeland Seim, Søgne FK
7. Alida Hestetun Kilen, IL Jotun
8. Elida Bøe Eie, Snøgg F
9. Mitra Zaheen, Vigør FK
10. Sina Stangeland Horpestad, Bryne FK
11. Kia Halvorsen Nesse, SK Nord
12. Henriette Steinsvik Larsen, SK Djerv 1919
13. Emma Hjertvik, Bogafjell IL
14. Mathilde Sundland Johnsen, IF Storm
15. Lykke Meyer Erichsrud, Snøgg F
16. Andrine Sønnesyn, Sogndal IL
17. Filippa Myrold Haavik, Eid IL
18. Pernille Kjellevold Skaanes, Vigør FK
19. Amalie Tjelta Øvretveit, Voll IL
20. Linnea Ullestad Olsson, Viking FK

Spelarane er nokre av dei beste talenta frå dei ulike fotballkretsane og dei fleste har ikkje møtt kvarandre før. Andrine fortel at det blir spennande å møte nye folk, men samtidig at det er nokre kjente fjes:

- Eg kjenner til Eili Silden frå Måløy, Alida Hestetun Kilen frå Jotun og Filippa Myrold Haavik frå Eid. 

Me ønskjer masse lukke til på turneringa og håpar dette blir ei god oppleving!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: