Ard Ragnar Sundal og Mohammad Ali signerer for Sogndal 2!
Sogndal 2 forsterkar stallen med to nye spelarar! Sogndal 2
Det er framleis sommarpause for Sogndal 2, men gutta er godt i gang med treninga igjen. Fyrste seriekamp er heime mot Høyang søndag 11. august kl. 14:00. I løpet av sommaren har det skjedd nokre endringar i spelartroppen, og no kan me presentere to nye spelarar!
Ard Ragnar Sundal, f. 3. desember 2007, er ein ung og lovande keeper som kjem til oss frå Jølster. Ard har til tross for ung alder opparbeida seg mykje erfaring i Kretsligaen, og står med heile 40 kampar for Jølster sitt A-lag. Sidan 2023 har han hospitert med oss, og spelt kampar for både Nasjonal G17 og Nasjonal G19. Ard har vore ein del av treningsgruppa til Sogndal 2 og kjenner karadn godt allereie. Han har også fått prøve seg på trening med A-laget og keepertrenar Geir Stenehjem fleire gonger.
Utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball, Erling Ola Fykse fortel:
- Ard Ragnar er ein spelar som me såg i aksjon for fyrste gong i 2022-sesongen. Etter kvart vart det oppretta dialog med Jølster, og spelaren begynte å hospitere med Sogndal Fotball i tillegg til spel i eigen klubb. Ard har gjennom heile perioden vore lærevillig, og vist interesse for å utvikle seg som keeper. Etter kvart som tida har gått ser begge klubbar og spelar at han har eit fint utviklingspotensiale, og spelar har saman med Jølster og Sogndal funne ut at det er naturleg med ein permanent overgang til Sogndal. Opp mot Jølster og kontaktpersonane våre i klubben ønskjer me å takke dei veldig sterkt for eit godt samarbeid. Dei har vore fleksible og latt Ard få vera med på både treningar og kampar med nasjonale lag. Ard vil no bli ein del av spelartroppen til Sogndal 2, der han vil ha treningskvardag på Fosshaugane Campus med keeperteamet og lagkameratane sine. I tillegg til fotballspelaren og idrettsutøvaren Ard Ragnar, får spelargruppa og klubben ein person me har inntrykk av at er heil ved, og som vil bidra i kulturarbeidet vårt. Velkommen Ard!
Mohammad Ali, f. 3. september 2006, kjem til oss frå Stryn. Han er ein spennande angrepsspelar med kvalitetar som kan styrke angrepet til Sogndal 2. Mohammad kjem til Sogndal for å byrja på skule, og ønskte å melde overgang til Sogndal for å kunne spele fotball her. I siste kamp før ferien spelte han mot nettopp Sogndal 2 for Stryn. Kampen på Fosshaugadn enda til slutt 5-1 til Sogndal 2.
Utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball, Erling Ola Fykse fortel:
- Mohammad Ali er ein ambisiøs ungdom som gjennom spel i Selje og Stryn har synt at han har nokre spennande ferdigheiter. Mohammad framstår som energisk, og ønskjer å flytte til Sogndal for å gå på skule og spele fotball. Dialogen med Stryn har vore effektiv og særs god, og Sogndal Fotball ønskjer å takke dei for det effektive samarbeidet. Spelaren var på hospitering i Sogndal i vår/sommar og yttra raskt ønskje om å ta steget på permanent basis. Mohammad har komme fint inn i gruppa, og har no fått plass i Sogndal 2-troppen. Me gler oss over at han har tilpassa seg rask, og han kan allereie no få debuten for Sogndal NG19 i sluttspelet mot Bodø/Glimt på onsdag denne veka. Velkommen Mohammad!
Me ønskjer begge spelarane hjarteleg velkommen til Sogndal. Begge har allereie slutta seg til troppen, og trenar saman med resten av Sogndal 2-gjengen. Dei har også spelt sin fyrste kamp når Sogndal 2 vann 4-2 mot Årdal i ein treningskamp. Igjen vil me takke både Jølster og Stryn for samarbeidet og ein god dialog rundt overgangane.
STAO NO PAO!