
Årets fyrste 3 poengar er i boks!
3 poeng er med heim til Saftbygda frå Trøndelag! A-laget
Kampen i Frøya Storhall vart ein jamnspelt kamp, men karadn trakk det lengste strået. Scoringane til Erik Flataker og Lukass Vapne sørga for at dei 3 poenga blir med heim til Sogndal!
Kampen byrja med at heimelaget hadde mest ball, sjølv om sjansane lot vente på seg. Strukturen defensivt fungerte fint og ein stod i mot dei innlegga heimelaget kom med. Det skulle lønne seg utover omgangen, og karadn fekk eit overtak. Etter 32 minutt spelt kom Martin Sjølstad seg fri til venstre og la inn i boksen. Oliver Hintsa fekk ikkje kontroll på ballen, men klareringa hamna i beina på Erik Flataker. Toppscoraren vår banka til på heil volley og sendte oss i føringa! No har han scora i 4 kampar på rad, og står med scoring i alle obligatoriske kampar denne sesongen.
Karadn var ikkje ferdige, og like før pause var det vår latviske midtbanespelar som var frampå. Lukass Vapne vann ballen høgt i bana og kom i avslutningsposisjon. Frå 16 meter satte han ballen kontrollert i mål, og leiinga var dobla. 0-2 var også stillinga til pause.
I andreomgang var det Ranheim som var det førande laget, og karadn jobba godt for å halde på leiinga. Det såg lenge ut til at ein skulle klare å stå i mot, men etter 87 minutt dukka Bendik Bye opp i boksen. Scoringa gjorde at det vart ein stort press i mot i nokre lange overtidsminutt, men det kom ingen fleire scoringar. Då kunne karadn sleppe jubelen laus, og ta med seg dei 3 poenga heim!
No ventar Sandviken i cupen allereie på torsdag, før me gjer oss klare for to heimekampar i OBOS-ligaen mot Odd og Mjøndalen. Tusen takk til våre trufaste supportarar som var på plass i dag!
STAO NO PAO!