
Åsane var best i generalprøva
Det enda 4-0 til heimelaget på Åsane Arena A-laget
Den siste kampen i oppkøyringa vart ein skikkeleg vekkar, og Åsane scora heile 4 mål. No gjeld det å lære, forbetre og å kome førebudd til seriestarten mot Start.
Åsane byrja kampen best, og hadde ballen mest utan å skape dei heilt store sjansane. Det var lite sjansar begge vegar i den fyrste omgangen, men heimelaget fekk allikevel den fyrste scoringa. Litt før 30 minutt spelt kom målet i mot på ei heading i boksen. Det stod 1-0 til pause.
I andreomgang fortsatte Åsane å ha initiativet i kampen. Det var ikkje alt som stemte i dag, og tidleg i omgangen fekk heimelaget straffe som dei dobla leiinga på.
Grunna 4 spelarar på landslagsoppdrag, og nokre skadar, var troppen litt redusert i dag. Det gir sjansen for våre unge lovande, som t.d Emil Hillestad f. 2009. Utover omgangen vart det diverre tøft, og Åsane scora både 3 og 4 før fulltid.
Dette var utan tvil eit skuffande resultat, og ein dårlegare prestasjon enn ønskt. Heldigvis har Luis Pimenta og teamet no ei veke å justere på før ein reiser til Kristiansand! Kanskje får dei som seier “dårlig generalprøve, betyr god premiere” rett denne gongen?
STAO NO PAO!