Åsen og Øvrelid AS er med vidare!
Sogndal Fotball og Åsen og Øvrelid AS har skrive ny samarbeidsavtale! Partnarinnhald
Entreprenørverksemda Åsen og Øvrelid AS har vore ein viktig partnar for oss i mange år. Dei er ein av dei største innan sin bransje i Sogn og Fjordane og me er glade for å halde fram samarbeidet!
Åsen og Øvrelid AS er eit av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet. Hovudkontoret deira ligg i Førde og i dag har dei om lag 220 tilsette. Bedrifta vart grunnlagt som eit tømrarfirma i 1988, og i 1996 vart det gjennomført ein fusjon med betongfirmaet Brødrene Sunde AS. Sidan har dei utvikla seg til å bli ein leiande lokal aktør med oppdrag over heile Nordvestlandet.
- Det er utruleg kjekt og viktig å ha med vidare ei bedrift som tek samfunnsansvar og som lever av utvikling i regionen vår, fortel marknadsansvarleg Terje Teigen.
Me er veldig glade for at Åsen og Øvrelid AS er med oss i 2025 og set stor pris på støtta frå partnarane våre!
STAO NO PAO!