Avslutning og prisutdeling for Sogndal 2

Sogndal 2 har hatt avslutning og prisar for sesongen er delt ut!

Sogndal 2/Sogndal G19 sin sesong enda med finalesiger mot Vålerenga for nokre veker sidan. I Kretsligaen enda det diverre ikkje slik ein ønskte, men det vart ein stor opptur å få løfte pokalen kort tid seinare. Det har vore ein lang sesong og no har unggutta tatt ferie. På avslutningsfesten vart det delt ut 4 ulike prisar:

Årets toppscorar - Viljar Stavø

Viljar Stavø, f. 23. juli 2006, har verkeleg gjort seg bemerka som ein storscorar denne sesongen. På 40 offisielle kampar for Sogndal Fotball har han scora 44 mål i 2024! 2 av scoringane kom for A-laget mot KFUM i cupen, 27 er for Sogndal 2 i Kretsligaen og 15 er for G19 i Vinterserie, NM og nasjonale seriar! Viljar er utan tvil ein målscorar uansett kva nivå han har fått prøva seg på, og me gler oss til å sjå meir frå han i 2025!

Årets toppscorar - Viljar Stavø
Årets toppscorar - Viljar Stavø

Årets utviklingspris - Sander Aske Granheim

Sander Aske Granheim, f. 15. august 2007, har tatt enorme steg i 2024 og vore ei viktig brikke for Patrik Karoliussen i årets sesong. 17-åringen vart henta inn i Sogndal 2-stallen og tok nivået på strak arm. Sander er i hovudsak midtstoppar, men kan i tillegg spele både høgre- og venstreback. Saman med dei beste spelarane for Sogndal 2 fekk han jamnleg vera med på A-lagstreningar, og i haust vart han i tillegg belønna med ein plass på B-lista, som gjer at han kan spele i OBOS-ligaen for A-laget!

Årets spelar - Sander Aske Granheim
Årets spelar - Sander Aske Granheim

Spelargruppa sin Årets spelar - Viljar Stavø

Viljar Stavø, f. 23. juli 2006, vart stemt fram av spelarane som årets spelar i  2024-sesongen. Viljar har som nemnd levert ein flott sesong sportsleg og bøtta inn mål. Debuten for A-laget kom i cupen mot Førde, og heimedebuten krona han med scoring! Til tross for eit særs vanskeleg år utanfor fotballen har han vore ei viktig brikke for både Sogndal 2 og G19. Viljar vart i likheit med Sander tatt med på B-lista i haust, og før sesongen var omme fekk han 2 kampar i OBOS-ligaen!

Årets spelar - Sander Aske Granheim 

Sander Aske Granheim, f. 15. august 2007, er kåra til årets spelar av trenarane. Det har vore eit år med stor utvikling for Sander og han vart raskt ein av dei viktigaste spelarane for Sogndal 2/G19. Til tross for sin unge alder har han levert gode prestasjonar gjennom heile sesongen. I tillegg til å vera ein solid forsvarar har han også kome med offensive bidrag, som då han scora 2 mål mot Molde G19 i NM. Sander Aske Granheim er den spelaren som har flest minutt spelt av alle spelarane i klubben i 2024. Kampane er fordelt over både G17, G19 og Sogndal 2 i lokale og nasjonale turneringar. Under kan ein sjå det fyrste av to mål i 2-1-sigeren mot Molde:


Me gratulerer prisvinnarane med vel fortente prisar og gler oss til å sjå meir frå begge to i 2025! Samtidig ønskjer me karadn på Sogndal 2/G19 ein god ferie og ser fram til å følgje dei den kommande sesongen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: