Besøk av Karl-Petter Løken!

Me har hatt besøk av Karl-Petter Løken frå NFF og spelt inn ein ny episode av Sofapraten med Gisle!

Genrealsekretær i Norges Fotballforbund, Karl-Petter Løken har vore på besøk til NFF Sogn og Fjordane og oss i Sogndal Fotball! I løpet av besøket sat han seg ned i sofaen med Gisle og tok ein prat. Sjå heile videoen under.


- Det er ein fantastisk stad å komma til. Ein har ein utruleg fin fotballkultur her, og ein har bevart kulturen på ein god måte. Det er godt gjort for ein klubb som Sogndal å etablere seg i toppen av norsk fotball, fortel han.

Karl-Petter Løken hadde ei flott fotballkarriere, og har seinare vore leiar i fleire store organisasjonar. Han fortel at steget frå fotballkarrieren til livet etterpå gjekk fint, og anbefalar dagens fotballspelarar å planlegge for kva ein ønskjer å gjere etter karriera tek slutt.

Kva eigenskapar trur du er viktige å ha som ein leiar?

- Uavhengig om det er innanfor fotball eller ikkje så må ein må ha motor. Du må vera motivert for å investere tid. Ein må vera tilgjengeleg 24/7. Det betyr at det er mykje jobb, og ein må like å jobbe mykje. I mitt hovud må ein god leiar vera tilgjengeleg for folk.

Kva inntrykk sit du att med frå besøket ditt i Sogndal Fotball?

- Eg har fått forsterka det inntrykket eg hadde frå før. Det er ein fantastisk godt drive klubb, og ein har eit godt samspel mellom kretsen og Sogndal som klubb. Det er noko som eg er veldig glad for og synst eg kjempefint. Ein klarar å spele på sine beste eigenskapar for å få det beste ut av kvar og ein. Sogndal er ein føregangsstad å vera, så det er berre å oppfordre unge der ute til å satse og bli med på utviklinga av Sogndal som klubb.

Tusen takk for besøket og gode ord!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: