Bjarg ga oss tøff kamp!

Bjarg ga oss tøff kamp når to debutantar scora!

Bjarg ga oss ein tøff kamp i Sognahallen i dag. Det enda til slutt 2-2 etter at Felix Eriksson og Oliver Hintsa begge hadde scora kvar sitt mål.

Den fyrste omgangen gjekk føre seg utan mål. Ingen av laga hadde dei heilt store sjansane, men ein kunne fort fått ein scoring. I pausen vart Oliver Hintsa bytta inn, slik at begge debutantane var på bana samtidig. Rett etter pause fekk Bjarg kampen si fyrste scoring på eit skikkeleg draumetreff. Bortelaget skulle også auka til 2-0-leiing før karadn våre vakna.

Berre nokre få minutt seinare spelte me oss fri frå venstre. Vår nye spiss Oliver Hintsa spelte gjennom landsmann Felix Eriksson til høgre. Høgrebacken var kald og rolig framfor mål og satte ballen over Jørgen Johnsen og i mål. 

IMG_8028.JPG
Felix Eriksson
Foto: Martin Salbu

 Etter 75 minutt spelt skulle reduseringa komme. Martin Sjølstad fossa oppover venstresida og la eit godt innlegg mot Oliver Hintsa. Vår nye spiss banka ballen i krysset på fyrste berøring frå 16-meterstreken. Det betyr mål i debuten for begge våre nye svenskar. 

IMG_8031 kopi.JPG
Oliver Hintsa
Foto: Martin Salbu

Oppsummeringa av kampen var allikevel klar: Dette er ikkje godt nok, me må opp mange hakk. Takk til alle som tok turen innom Sognahallen i dag! No er neste treningskamp mot svenske Sirius på treningsleiren i Spania.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: