Bli grasrotgivar!
Du kan støtte Sogndal Idrettslag Fotball når du nyttar Norsk Tipping! Breiddefotballen
"Grasrotandelen gir deg moglegheita til å bestemme kven som skal få ein del av Norsk Tipping sitt overskot – utan at det kostar deg noko ekstra. Kven får din grasrotandel?"
Norsk Tipping deler årleg ut mange millionar til lag, grupper og organisasjonar som er registrert gjennom grasrotandelen. I 2024 var beløpet på rekordstore 858 millionar kroner! Beløpet var ein auke på over 60 millionar kroner sidan året før, og pengane sikrar aktivitet og utvikling i mange klubbar i heile Norge.
Slik verkar det
Kvar gong ein kjøper eit spel gjennom Norsk Tipping går 7% av innsatsen din til din valde grasrotmottakar. Det er du som veljer kven som skal få din grasrotandel, og ein kan velje mellom alle lag og organisasjonar som er registrerte. Det kostar ingenting å vere grasrotgivar, og pengane blir trukke frå Norsk Tipping sitt overskot.
For å velje Sogndal Idrettslag Fotball som din grasrotmottakar må ein logge seg inn på Norsk Tipping. I appen eller på nettsida går ein til "Profil" og vel "Bli grasrotgivar". Her kan ein søke på "Sogndal Idrettslag Fotball" eller organisasjonsnummeret "980973689". Når ein har vald grasrotmottakar vil ein automatisk gi eit lite bidrag til grasrota kvar gong ein nyttar Norsk Tipping! Tusen takk for støtta!
Ein må vere over 18 år for å spele. Hugs å aldri spel for meir enn du har råd til å tape.
STAO NO PAO!