Bli kjend med vår nye hovudtrenar!

Morten Kalvenes er på plass i Sogndal og klar for nye utfordringar

Morten Kalvenes, f. 14. mai 1971, er vår nye hovudtrenar, og no er han godt i gang med sin nye jobb. I dag leia han laget for fyrste gong i trening, og på laurdag er det klart for heimekamp mot Aalesund. No kan ein bli litt betre kjend med han!

Morten Kalvenes har erfaring frå fleire klubbar i toppfotballen og er eit kjend trenarnamn i Norge. Dei fleste kjenner han truleg som assistenten til Kjetil Knutsen, fyrst i Åsane og seinare i Bodø/Glimt. Tidlegare har han blant anna hatt suksess som hovudtrenar for Arna Bjørnar i Toppserien. Etter 5 år saman med Knutsen i Bodø/Glimt gjekk turen til Japan i slutten av 2023. Per-Mathias Høgmo vart tilsett som hovudtrenar for den japanske klubben Urawa Red Diamonds, og Morten Kalvenes var fyrstevalet som assistent. No ventar Saftbygda og jobben som hovudtrenar i OBOS-ligaen ut sesongen.

Etter dagens trening fekk me ein prat med vår nye hovudtrenar:


Det var fleire nye element på dagens trening, og Morten har allereie satt sitt preg på treningane. No handlar det om å gjere dei riktige justeringane og å få maks ut av spelarane inn mot neste kamp. 


Fyrste kamp som hovudtrenar for Sogndal blir mot Aalesund og Kjetil Rekdal på Fosshaugane Campus. Me treng verkeleg støtta frå tribuna, og håpar de vil bidra til at Morten får ein best mogleg start på tida i Sogndal!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: