Bli med på bortetur til Moss!
Saftkokaradn arrangerer busstur til Moss der du får sjå flott fotball og kan eta pylse i vaffel
Bli med på bortetur til Moss!
I den 3. serierunden av årets OBOS-ligaen skal me møta Moss på tradisjonsrike Melløs Stadion. Det vert eit spennande oppgjer mot ein klubb som endeleg er tilbake i toppfotballen.
Saftkokaradn arrangerer no bortetur til Moss og ynskjer å invitere med seg alle med hjarte i Sogndal. Kampen spelast søndag 23. april klokka 15:00. Det vert avreise frå Sogndal Skysstasjon klokka 06:15. Turen til Oslo går via Gol og over Hemsedalsfjellet, og det er mogleg å gå på bussen langs ruta. Etter kampen går turen tilbake til Sogndal og ein forventar å vere heime litt etter midnatt.
For dei som er medlem i Saftkokaradn kostar det 300kr per person. For dei som ikkje er medlem i Saftkokaradn er prisen 450kr per person. Kampbillett kjem utanom, men dei 10 fyrste som melder seg på får gratis kampbillett inkludert i prisen!
Bli med på å skape ei flott ramme rundt ein nydeleg OBOS-ligakamp i Moss. Me treng all den støtta me kan få, og set stor pris på kvar og ein som reiser! I tillegg er dette ein perfekt moglegheit til å prøve den lokale matretten «pylse i vaffel». Dette kan du ikkje gå glipp av!
Påmelding skjer ved å fylle ut dette skjemaet eller ved å sende ein melding til 916 46 974 med fullt namn og kvar du ønskjer å gå på bussen.
Håpar me sjåast i Moss! Stao no pao!