Deilig siger i Grimstad!
Endelig løysna det, og me har med oss 3 poeng heim frå Grimstad! A-laget
Me fekk ein god start på kampen med fleire store sjansar. Både Sondre Ørjasæter og Valdimar Ingimundarson var særs nære scoring. Joakim Nundal skapte mykje problem for Torje Wichne på høgresida si, og det skulle gje resultat. Etter 24 minutt spelte Kasper Skaanes gjennom til Nundal på kanten. Han satte fart og banka ballen inn til Ingimundarson, som satte ballen i mål. Fortent 0-1 etter ein god start på kampen.
Allereie to minutt etter gjekk det gale motsett veg. Jerv gjekk rett i angrep og slo eit innlegg frå høgre. Det såg fyrst ut som eit ufarlig innlegg, men ein uheldig Fij slo ballen inn i eige mål. Kalddusj og 1-1. Heldigvis hadde me ein ung årdøl som ville vise seg fram i sin fyrste kamp frå start.
Rollene vart snudd om, og denne gongen var det Ingimundarson som serverte Nundal framfor målet. Ørjasæter og Ingimundarson kombinerte fint på venstresida. Sistnemnde slo deretter eit flott innlegg som Nundal styrte i mål bak Øystein Øvretveit. Me var tilbake i føringa og leda fortent 2-1 til pause.
I andreomgang fortsatte me det gode spelet og skapte fleire gode sjansar. Etter 83 minutt spelt ville vår islandske spiss sikre sigeren. Jónatan Jónsson og Kristoffer Nessø kombinerte seg fri på høgresida. Nessø la ballen igjen til Ingimundarson som med utsida av høgre fot satte ballen i mål. Sigeren var eit faktum.
Dette seier Tore André etter kampen:
- Dette var kjempedeilig! Vi var betre strukturert og jobba knallhardt for kvarandre. Vi scora også nokon flotte mål. Det var viktig å få ei positiv oppleving og sjå at hardt arbeid gjer resultat. No har vi to heimekampar som vi skal gå inn i med stor entusiasme og vinnarvilje!
Joakim Nundal var ein glad mann etter sigeren i dag:
- Det var utruleg morro at det harde arbeidet på trening resulterte i scoring og assist i dag når eg fekk tillit frå start. Eg er takknemleg for at eg fekk sjansen til å visa meg fram.
Korleis var det å spele med Valdimar i dag?
- Det var kjekt. Eg føler samspelet kom naturlig. Me er to spelarar som vil scora mål og å setja medspelarar opp i betre situasjonar.
Høgdepunkta frå kampen ser du her:
Det var godt å vinna igjen, og no tek me med oss den gode kjensla inn mot neste kamp. Tusen takk til alle supportarane som tok turen for å støtta oss i dag. No håpar me at alle tek turen til Fosshaugadn på onsdag. Då skal den utsatte kampen mot Kristiansund spelast.
STAO NO PAO!
Alle foto i saka: Helge N. Olsen