Desse er på B-lista hausten 2024!
B-lista består av fleire nye fjes i haust A-laget Sogndal 2 Utviklingsavdelinga
I tillegg til dei spelarane som har proffkontrakt er det kvar sesong nokre spelarar utan kontrakt som er tilgjengelege for kampar med A-laget. Dette er spelarar som høyrer til B-lista, eller "spelarliste B". I denne saka forklarar me kva dette betyr, og kven som står på B-lista hausten 2024!
Spelartroppen til A-laget består av spelarliste A og spelarliste B. Alle spelarane med proffkontrakt tilhøyrer spelarliste A, og kan nyttast i alle kampar for A-laget, så lenge dei ikkje er suspendert. Spelarliste B består av totalt 5 spelarar, der ein skal vera keeper.
Spelarar på spelarliste B kan delta i kamp for A-laget i OBOS-ligaen inntil tre gonger uavhengig av om dette er frå start eller som innbyttar. Når ein spelar på spelarliste B har delteke i kamp tre gonger i same sesong, må spelaren inngå profesjonell kontrakt og meldast inn på spelarliste A før han kan delta i kamp fire.
Utespelarar må vera født i perioden 01.01.2005 t.o.m. 31.12.2009. Keeper må være født 31.12.2009 eller tidlegare. Endringar på B-lista kan gjerast i det åpne overgangsvindauge på sommaren (17.07.2024-02.09.2024). Utanom dette kan ein ikkje gjere endringar på B-lista før ein spelar får proffkontrakt. Ein har då moglegheit til å erstatte spelaren med ein ny spelar som allereie er i klubben.
Kristian Kongelf
Kristian Kongelf, f. 16. april 2006, er ein spennande kantspelar med x-faktor. Han var på B-lista også i vår, og har allereie fått debuten i OBOS-ligaen som innbyttar mot Stabæk tidlegare i år. På treningsleiren før sesongen fekk han verkeleg vist seg fram og scora i treningskampen mot Real Murcia. Diverre har årets sesong vorte prega av skadar, men Kristian har vist gode takter dei kampane han har spelt for Sogndal 2.
Kristian er for tida ute med skade, men me kryssar fingrane for at han er raskt tilbake. Då er han eit spennande alternativ for Tore André framover i bana!
Viljar Stavø
Viljar Stavø, f. 23. juli 2006, er ein målfarleg og spennande spiss. Han er ny på B-lista og har ikkje spelt i OBOS-ligaen for A-laget endå. Viljar scora sitt fyrste mål for A-laget i treningskampen mot Raufoss før sesongen, og den fyrste offisielle kampen for A-laget kom borte mot Førde i 1. runde av cupen. I cupkampen mot KFUM stanga han inn leiarmålet og sendte Fosshaugadn til himmels.
Viljar har bøtta inn mål for aldersbestemte lag, og no seinast for Sogndal NG19 og Sogndal 2. No har han også moglegheit til å bidra i OBOS-ligaen, og me gler oss til å sjå mykje av den unge sogndølen framover!
Marius Årøy
Marius Årøy f. 19. april 2005, er ein sentral midtbanespelar som står med 7 kampar for A-laget. Han er ei viktig brikke for Sogndal 2, og er kaptein på laget som jaktar opprykk frå Kretsligaen. Sjølv om han er ung har han opparbeida seg mykje erfaring i både 3. divisjon og på nasjonalt aldersbestemt nivå.
Marius fekk debuten for A-laget mot Brann i 2022, og i år har han vore på bana i to kampar i OBOS-ligaen. Han vil vere tilgjengeleg for A-laget også i haust, samtidig som han har ein spennande haust med både Sogndal 2 og G19.
Sander Aske Granheim
Sander Aske Granheim, f. 15. august 2007, er ein ung og lovande midtstoppar som også kan gjere ein god jobb som back. Han vart raskt ein viktig spelar for Sogndal 2, i tillegg til å spele for både NG17 og NG19. No tek han steget opp på B-lista, og er også tilgjengeleg for spel i OBOS-ligaen.
For Sogndal G19 scora han nyleg to mål mot Molde i cupen. No ventar ein spennande haust med semifinale i Nasjonal G19, kvartfinale i NM G19, opprykkskamp med Sogndal 2 og kanskje debuten for A-laget?
Ard Ragnar Sundal
Ard Ragnar Sundal, f. 3. desember 2007, er eit ungt keepertalent frå Jølster. Nyleg meldte han overgang til Sogndal etter fleire år med hospitering på nasjonale lag. Ard har trent med A-laget fleire gonger, og er ein del av eit spennande keeperteam i klubben.
Etter overgangen spelte han for Sogndal 2 i ein treningskamp mot Årdal. Han blir å sjå på bana for Sogndal 2 også i tida framover, og kanskje dukkar han opp i kamptropp for A-laget i løpet av hausten.
Me gratulerar alle 5 med plass på B-lista, og håpar dei får ei god utvikling gjennom hausten. Den fyrste moglegheita til å sjå dei i aksjon for A-laget kjem allereie på søndag når me møter Ranheim på Fosshaugadn.
STAO NO PAO!