- Det er kjekt å sjå at me har spelarar i fylket som vil komme fram i toppfotballen
Tommy Øren jobbar for å utvikle nye toppspelarar i Sogn og Fjordane!
Tommy Øren har ei lang fortid i Sogndal Fotball både som spelar og som trenar. No har han funne seg godt til rette i ny jobb i NFF Sogn og Fjordane. Her er det spelarutvikling som står i fokus, og målet er å bidra til fleire nye toppspelarar frå Sogn og Fjordane i framtida.
- No er eg kretsansvarleg for spelarutvikling. Det vil seie at eg har ansvar for å administrere all kretsaktivitet. Eg skal sørge for at kretslaga både på jente- og gutesida har dyktige kretstrenarar, og det same gjeld sonetrenarane i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Det er Tommy som har ansvaret for å følgje opp kretstrenarane, og å lage aktivitetsplanar i dei periodane kretsen har aktivitet. Han har også ansvar for administrative ting som påmelding til turneringar og booking av treningstider.
- Eg har også ansvaret for dei beste jentespelarane i fylket. Det er ei gruppe som heiter Team Sogn og Fjordane Jenter, som trenar saman i skuldersesongen (dvs. januar-april og november-desember). Me gjennomfører om lag ei trening i veka på Skei. Her har me med oss satsing frå NFF sentralt med fysisk ansvarleg. Marit Anne Smørdal sikrar at jentene held seg skadefrie og får topp oppfølgjing. Denne gruppa er ei samanslåing av dei beste på dei ulike kretslaga, altså dei beste 13- 14- og 15-åringane i fylket. Det er eit ekstra tilbod til dei me vurderer som fremst i dei ulike kretslaga.
I Sogndal Fotball var Tommy i større grad aktiv trenar på treningsfeltet.
- I Sogndal Fotball var eg veldig mykje på feltet. Seinare vart eg tilsett som trenarutviklar og hadde som ansvar å utvikle og forbetre trenarane. Så kom tilbodet her i NFF Sogn og Fjordane når Jan Tore Jåstad fekk ny stilling. No er jobben min meir administrativt der det er periodar med mykje aktivitet og periodar der det er rolegare. Det er mykje nytt, men eg lærer framleis.
Det er store avstandar i fylket vårt, og det skapar utfordringar for treningar på tvers av fylket. Det løyser ein så godt som råd:
- Me trenar i hovudsak i helgar, og ofte køyrer me doble økter når spelarane fyrst samlast. Me trenar ofte samtidig på tvers av laga som opnar for å reise fleire i lag. Me prøver å legge til rette best mogleg og balansere aktiviteten opp mot nytteverdien.
Tommy har tru på at me vil sjå fleire toppspelarar frå Sogn og Fjordane i framtida:
- Det er kjekt å sjå at me har spelarar i fylket som vil komme fram i toppfotballen. Me veit ikkje kven det er, det er det fine, og me veit ikkje kvar dei kjem frå. Historia viser at ein kan bli god om ein kjem frå t.d. Vadheim eller frå Måløy. Det er positivt.
Og oppfordringa til spelarane som ønskjer å bli god er klar:
- Min kjepphest er at eg skulle ønske ungar via meir tid til å vera aktive og allsidige. Det ligg eit stort ansvar hjå spelarane sjølv. Å gå ned på bana sjølv, og saman med kameratar. Sjølv om det regnar eller snør må ein ha innsatsen i botn. Me har masse flotte idrettsanlegg i fylket vårt, og dei ligg klare for å brukast. Det viser seg at dei beste spelarane, som t.d. Martin Ødegaard har gjort nettopp dette, og det er kanskje dette som gjer deg hakket betre enn konkurrenten din.
STAO NO PAO!