
Dette er årets drakt!
Endeleg kan me presentere drakta me skal bruke i årets sesong! A-laget
"I svart og kvitt me stormar fram - ei lita bygd står samla!"
Svart og kvitt har alltid vore ein viktig del av identiteten vår, og tilbake i tid var det nettopp dei svarte draktene og kvite shortsane som var Sogndal Fotball. Laget som i 1964 rykka opp til 3. divisjon sørga for eit stort gjennombrot og byrja reisa oppover i divisjonssystemet. I 1972 tok ein eit nytt steg mot Norsk toppfotball i Sogndal og rykka opp til 2. divisjon. Grunnlaget for den klubben me kjenner i dag vart lagt i svart og kvitt!
I 1973 vart drakta vår kvit, og den fyrste sesongen i 2. divisjon vart spelt med kvite drakter og svarte shortsar. Dei ikoniske bileta frå cupfinalen hugsar me alle, og gjennom historia har den kvite og svarte drakta vore med på reisa. Svart og kvitt er ein viktig del av vår stolte historie, og det ønskjer me å vise i år.
Årets drakt er svart og kvit, og me håper de likar den!

Draktene våre var svarte når ein rykka opp til 3. divisjon i 1964!
Arkiv

Cupfinalelaget i 1976 brukte desse kvite draktene!
Arkiv
Umbro sin toppmodell
Vår fantastiske utstyrsleverandør Umbro har lansert ny kolleksjon, og drakta vår er av modellen Umbro UX Pro SS. Det er ei behageleg teknisk spelartrøye som bidreg til god bevegelegheit for spelarane, og den er laga av eit lett og pustande stoff.
Logoen til Umbro set sitt preg på drakta med både form og farge. I stoffet kan ein sjå konturane av den kjente diamantforma logoen, noko som gir drakta eit spennande og flott utrykk. På skuldrene formar ei rad av svarte logoar eit tydeleg skille mellom fronten og ryggen på drakta. Me synst den ser veldig flott ut, og gler oss til å sjå den i kamp og på dykk supportarar i årets sesong!

Karadn er nøgd med den nye drakta!
Martin Salbu

Høgre skulder - i svart og kvitt!
Martin Salbu

Venstre skulder - i svart og kvitt
Martin Salbu

Den nye logoen til Sparebanken Norge!
Martin Salbu

Mønsteret i drakta byggjer på den diamantforma logoen til Umbro!
Martin Salbu

Me har Sognekraft i ryggen også i 2025!
Martin Salbu

Vegards Krefttråkk er på drakta i 2025!
Martin Salbu
Lokal kraft - saman mot kreft
Vegards Krefttråkk har i år fått plassen nedst på ryggen av drakta. Initiativtakar Vegard Skjeldestad og resten av styret samlar inn pengar til arrangement, gåver og andre opplevingar for dei som er råka av kreft. Dei gjev eit lysglymt i kvardagen til dei som verkeleg treng det, og difor ønskjer me å gi dei litt ekstra merksemd på årets drakt. Det kjem meir om dette her på heimesida.
- Det var veldig kjekt og inspirerande å få beskjeden om at Sogndal ville ha oss på drakta, fortel Vegard Skjeldestad.

Når er drakta i sal?
Me skulle gjerne starta salet allereie no, men grunna nokre formelle detaljar knytt til logo må me vente til 2. mai. Då kan ein kjøpe drakta i butikk og på nett. Dette betyr også at A-laget ikkje får nytte seg av drakta før i heimekampen mot Mjøndalen laurdag 3. mai. I mellomtida vil ein nytte eit midlertidig alternativ. Når salet opnar kan ein kjøpe den i butikken vår på Fosshaugane Campus eller på nett i Sogndalbui.no!
STAO NO PAO!









