- Eg gler meg skikkeleg til å kome i gang med kampar igjen
Karadn trenar godt og oppkøyringa er i gang. Me har fått ein prat med Tore André Flo og Jacob Blixt Flaten! A-laget
Karadn trenar godt og oppkøyringa er i gang. Det blir lagt ned eit godt arbeid både på styrkerommet og i Sognahallen, og årets fyrste treningskamp kjem allereie på laurdag. Førde er årets fyrste motstandar, og avspark er klokka 15:00!
Tore André Flo har fått karadn tilbake på treningsfeltet, og gler seg til årets fyrste kamp. Høyr kva han sa etter dagens trening i intervjuet under:
For ei veke sidan annonserte me årets fyrste signering, Jacob Blixt Flaten. No har han fått nokre treningar med laget, og har vist fram sine kvalitetar på bana. Intervju med vår nye midtbanespelar kan du sjå her:
No gler me oss til å koma i gang med kampar igjen, og håpar me ser mange i Sognahallen klokka 15:00 på laurdag!
STAO NO PAO!