Ei fantastisk gåve, frå ein god bank til ei viktig sak!

Sparebanken Vest gir pengar til eit grønare Fosshaugane Campus

- Vi har lenge jobba med bærekraft på Campus, og vi tek dette som ei anerkjenning på at arbeidet vert lagt merke til, seier dagleg leiar Yngve Hallén då Sparebanken Vest og banksjefane Arild Sandvoll og Jørgen Follevåg Mjelleli troppa opp på Campus med 4 millionar kroner.

Han legg til at dette forpliktar til endå meir skjerpa satsing på det grøne skiftet.

Driftssjef Nore Hjellhaug legg til at Fosshaugane har blitt Miljøsertifisert det siste året og fått energimerka bygga sine.

- Vi gjer mykje for å holde energibruken vår nede. Vi nyttar fjordenergi som oppvarming på nær 100 prosent av bygga våre, Sognahallen og undervarmen, seier Hjellhaug og legg til at dette utgjer om lag 50% av energiforbruket på anlegga til klubben inkludert Sognahallen og Kvåle.

Med gåva frå Sparebanken Vest vert det ei raskare omstilling. Fjordenergi skal ta seg av meir kjøling om sommaren, omlegging til LED skal få ned forbruk til lys og solceller skal bidra til eigenproduksjon.

- Målet vårt er at vår eigen aktivitet knytt til topp- og breiddeaktivitet skal vere energinøytral og vere eit sterkt bidrag til det grøne skiftet på Fosshaugane, forklarar Hallén.

Han fortel at banken gjennom sitt samfunnsengasjement har vert ein viktig pådrivar for dette, i tillegg til at banken også bidratt til omstillingsarbeidet gjennom grøne lån.

Representantane på Fosshaugane legg heller ikkje skjul på at attraktiviteten til campuset aukar med ei bevist haldning til bærekraftsmåla.
- Dette er noko både brukarane og leigetakarane på Fosshaugane er opptekne av. Slik sett er vi også forplikta til å følgje opp, avsluttar driftssjef Hjellhaug.

Takk til vår gode samarbeidspart og gode støttespelarar i Jan Erik Kjerpeseth, Tore Dvergsdal, Arild Sandvoll, Jørgen Follevåg Mjelleli og resten av SpV-laget

STAO NO PAO!

Foto: Håvard Nesbø

Annonse fra Obos-ligaen: