Eirik Bakke ny trenar i Lillestrøm

Vi gratulera Eirik Bakke og LSK med eit nytt kapittel

Eirik Bakke (45) er tilsett som mellombels hovudtrenar for LSK ut 2023-sesongen, det melder LSK på nettsida si!  Partane har vorte samde om ein avtale ut 2023-sesongen.

Han blir gjenforeina med fysioterapeut Sondre Sjøgren Jakobsen og Martin Ove Roseth som også har vore i Sogndal Fotball saman med Bakke. Han gjekk nettopp glipp av Akor Adams som gjekk frå Lillestrøm til den franske klubben  Montpellier

– Me er veldig fornøgd med å få på plass Eirik Bakke som trenar ut året, som medfører at me kan bruka litt tid på å finna ut korleis me ønskjer lause den permanente rolla i framtida, seier LSKs sportssjef Simon Mesfin til TV 2. 
Ifølgje TV2 Fotballekspert Jesper Mathisen er dette eit fornuftig val, og det seier me oss samde i! 

Bakke gav seg som trenar for Sogndal i 2021, og har i mellomtida vore Viaplay-ekspert. Me ønskjer han lykke til i ny klubb! STAO NO PAO

Les saka til LSK og TV2 her 

18e13a4d-655b-4206-992f-25ad7f726531.JPG
Annonse fra Obos-ligaen: