Erik har forlengja!

Hovden Flataker har signert ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2025

Sogndal Fotball og Erik Hovden Flataker (f. 26. desember 2004) har i dag signert ein ny avtale. Den nye avtalen strekkjer seg ut sesongen 2025.

Erik drog på seg Kvitedrakta allereie i 2020 i ungdomsfotballen her i Sogndal etter å ha spelt for Skavøypoll og Måløy i barne- og ungdomsfotballen. Før sesongen i fjor fekk han proffkontrakt med A-laget.

Erik har vore tålmodig og jobba hardt over tid, og me ser ein gut som allereie har gjort seg eindel erfaringar.

Erik står så langt med 14 kampar og to skåringar i NM for A-laget. På aldersbestemte landslag har han skåra ni mål på tjue kampar. Han er ein sentral del av G19-landslaget som skal spela i EM på Malta i somar.

Her signerer Flataker avtalen som gjer han til Sogndal-spelar ut sesongen 2025.
Her signerer Flataker avtalen som gjer han til Sogndal-spelar ut sesongen 2025.

 - Me er særs glade for å ha forlenga avtalen med Erik, seier Håvard Flo.

- Erik er ein flott, lokal gut som har vore med ei stund no, og i denne tida har han hatt ein veldig spennande og fin utvikling både i klubb og på landslag, og me håpar at han skal fortsetje med å ta endå nye steg framover, seier Flo.

Erik sjølv er også ein glad mann i dag. 




Trenar Tore André Flo ser fram til å få jobba meir med Erik.

- Erik er ein moden, ung kar med ambisjonar som fotballspelar og hans sympatiske vesen gjer han til ein fin del av gruppa vår, me ser veldig fram til å ha han her i åra framover, avsluttar Håvard Flo.

Håvard Flo og Erik Hovden Flataker
Håvard Flo og Erik Hovden Flataker

 

Annonse fra Obos-ligaen: