Erik Hovden Flataker er vinnar av Tullenprisen 2023!

Erik mottok Tullenprisen 2023 på Kretstinget i Førde i dag!

Me gratulera vår eigen Erik Hovden Flataker som vinnar av Tullenprisen 2023! Erik mottok prisen på Kretstinget i Førde i dag.

"Tullenprisen består av rentar av eit fond, oppretta av Rolf «Tullen» Seljeseth, Florø SK. Seljeseth var ein sentral spelar og leiar i FSK gjennom ei rekkje år. Seljeseth viste si takksemd til fotballen ved årleg å sette av ein fast pengesum på eit eige fond i NFF Sogn og Fjordane. Prisen blir gitt til ein utøvar som har utmerka seg på kretslag og/eller landslag inneverande sesong og som kan vise til gode haldningar, positiv framferd, treningsiver og sportslege ferdigheiter. Prisen er på kr.5.000,- + diplom"

Erik spelte til saman 1068 minutt i OBOS-ligaen 2023 fordelt på 24 kampar. Han scora 4 mål i tillegg til å notera seg for ein målgjevande pasning. I juli var han med å skriva historie med Norge G19 når dei spelte seg fram til semifinalen i EM. Erik scora eit av måla til Norge i mesterskapet og spelte i alle kampane. Ein flott prestasjon av eit godt norsk lag!

- Utrulig kjekt å få motta ein slik pris. Mange andre fine kandidatar til å mota denne prisen så eg føle meg heldig som fikk den i år. Det er mange å takke, inkludert familien min og Sogndal som har trua på meg, og hjelper meg å utvikle meg kvar dag. Sesongen i år har vore eit steg i riktig retning for meg, med fleire minutt og startar i Obos. Noke eg er veldig takknemlig for, og håper og trur at vi kan ta nye steg neste år som lag. I tillegg har eg vore så heldig å fått være med å spele semifinale i EM med flagget på brystet. Også noke som eg er stolt over og sett pris på at eg får være med på, seier Erik etter å ha motteke prisen.

Me er stolte over å ha ein så flott spelar i troppen. Erik sine tidlegare klubbar, Skavøypoll, Tornado Måløy og Måløy, skal også ha ein viktig del av æra for denne prisen. Gratulera så mykje med prisen Erik!

STAO NO PAO!

Foto: Øyvind Heimset Larsen

Annonse fra Obos-ligaen: