Fabjan satsar alt på fotballen!

Fabjan Tafa hadde 6 timar reiseveg kvar veke - no flyttar han til Sogndal for å satse på fotballen!

Fabjan Tafa kjem frå Torpo i Ål kommune. Han har spelt fotball sidan han var ein liten gut og vaks opp med fotballen i Ål IL og i Hallingdal FK. Det siste året har han hospitert med Sogndal sitt NG15 og vore med på 1 trening i veka i tillegg til kampar. Det betyr lang reiseveg, og til kvar trening måtte han ta buss i over 3 timar ein veg.

- Eg tok bussen klokka halv eitt, og var i Sogndal rundt klokka fire. Så starta treningane i seks-sju-tida. Etter trening tok eg bussen heim igjen klokka halv elleve. Då var eg på Gol klokka halv to på natta. Pappa henta meg der, og køyrte meg heim. 

Korleis var det å reisa så langt med buss?

- På bussen brukte eg mest tid på å sove. Det er jo lange bussturar, men når ein søv går det ganske fort. Eg skulle på skulen dagen etterpå, så det var viktig å slappe av litt. 

DSC01910.JPG
Mor Maria, Fabjan og far Vasil
Foto: Martin Salbu

Foreldra til Fabjan var med til Sogndal i dag og hadde eit møte med utviklingsansvarleg Erling Ola Fykse. 

Korleis har det vore å sende Fabjan så langt av garde?

- Eg synst eigentleg det har gått veldig greitt. Eg veit at når han kjem fram så får han den treninga han er ute etter, seier mor Maria Tafa. Ja, det synst eg også, men når eg henta han på Gol synst eg litt synd på han rett og slett. Han såg litt sliten ut, men det er dette han vil og det har alltid vore fotball for han, legg far Vasil Tafa til.

No skal Fabjan flytte til Sogndal og byrje på skule her. Den komande sesongen skal han trene og spele kampar med Sogndal NG17. Han gler seg til å kome i gang og får no ein ny kvardag med fleire treningar og kortare reiseveg.

- Målet er å få spela for A-laget til Sogndal ein dag!

— Fabjan Tafa

- Eg har brukt mykje energi på reisinga, men det har absolutt vore verdt det! No når eg flyttar til Sogndal får eg berre 10 minutt til trening, og eg kan ha eigentrening når eg vil utan at nokon treng å køyra meg. Eg får profesjonelle treningar fleire gongar i veka, og det blir enklare å utvikla seg. Målet er å bli ein så god fotballspelar som mogleg. Eg vil takke Hallingdal FK for at dei har gitt meg sjansen til å trene med A-laget og at dei har vore hjelpsame med hospitering med Sogndal.

Utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball, Erling Ola Fykse, er glad for at Fabjan kjem til oss:

- Gjennom utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball ønskjer me å leggja til rette for at unge fotballspelarar kan få oppnå draumen sin om å ha fotball som jobb. Fabjan har synt sterk indre motivasjon og ein vilje til å legge ned reisetid for å få hospitera med Sogndal Fotball. Det at han og foreldra hans, samt moderklubben Hallingdal er tydelege på at han har lyst å koma hit og bli med på utviklingsløpet vårt ser me på med stoltheit. Det er ei bekrefting på at me legg til rette for unge fotballspelarar. Me gler oss til at Fabjan blir ein del av klubben, og ønskjer han hjarteleg velkommen. Samtidig vil me takka Hallingdal FK for god dialog.

Sportsleg leiar i Hallingdal FK, Jan-Eirik Thorberg, fortel om samarbeidet mellom klubbane:

- Samarbeidet har vore bra. Fabjan har vore ein ivrig og seriøs fotballspelar heile vegen, og det er kjekt at han kan få denne moglegheita. Me skulle sjølvsagt ønskje me kunne behalda han i klubben lenger, men spelaren hadde eit stort ønskje om dette. Me har gode erfaringar frå tidlegare med å sende spelarar til større klubbar, og ligg omtrent midt i mellom Sogndal og diverse klubbar på austlandet. Me ønskjer Fabjan masse lukke til.

- Målet er å få spela for A-laget til Sogndal ein dag, svarar Fabjan på spørsmål om kva han siktar mot i karriera. Me ønskjer han lukke til med satsinga!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: