Fadderordning for breiddelaga våre!
Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer blir fadrar for breiddelaga våre! A-laget Breiddefotballen
Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer har stor glede av å presentere at spelarane blir fadrar for breiddelaga våre!
- Det er gledeleg å endeleg kunne annonsere fadderordninga vi har jobba med siste tida. Ordninga vil setje våre unge lovande i kontakt med førebileta i dei to toppsatsingane våre. I Jenter Vil Meir-prosjektet som vi er ein del av, er det gjort funn på at dette er noko jentespelarar manglar og vert mindre eksponert for enn gutespelarar. Difor er det svært gledeleg at Sogndal FK Damer vert med på ordninga og at jentene i klubben vil komme tettare på sine kvinnelege førebilete, fortel breiddekoordinator Kristian Ask.
Alle laga i breidden vil få tildelt to fadrar. Gutelaga får to spelarar frå Sogndal Fotball, og jentelaga får to spelarar frå Sogndal FK Damer. Fadrane skal besøke laga sine på treningar og vera med på minimum ein kamp på vårsesongen og ein kamp på haustsesongen.
- Fadderordninga vil vonleg styrke relasjonane mellom toppspelarane og bygda, i tillegg til at spelarane vil vera god støtte for trenarteama i breiddeavdelinga. I løpet av tysdag vil spelarane bli sett i kontakt med kontaktpersonar i laga som også vert informert meir om tiltenkt opplegg. Dette er noko alle gler seg til og er verkeleg å rekne som ei ekte gladsak, legg han til.
Dette er fadrane til dei ulike laga:
- G2018: Isaac Twum og Andreas Hoven
- G2017: Oliver Hintsa og Martin André Sjølstad
- G2016: Magnus Stær-Jensen og Kasper Holmboe Skaanes
- G2015: Óskar Borgþórsson og Erik Hovden Flataker
- G2014: Felix Eriksson og Daniel Gjerde Sætren
- G2013: Martin Høyland og Emmanuel Oluwafemi Olugbe
- G2012: Lars Larsson Jendal og Edmund Baidoo
- G13/14: Per-Egil Hough Flo og Kristoffer Haukås Steinset
- G15/17: Daniel Arrocha og Jacob Blixt Flaten
- Sogndal United: Joakim Berg Nundal og Mathias Øren
- J2018: Nathalie Høgi og Mia Johannessen Bakke
- J2017: Maia Lindesteg Øen og Thea Sviggum Elle
- J2016: Sanna Simpson-Larsen og Ingrid Krakhellen
- J2015: Lena Nesse Heggestad og Mari Hov Heggestad
- J2014: Vårin Laila Eriksen Ness og Ine Langen Dale
- J2013: Anna Grindhaug og Julia Felde
- J2012: Marte Senneset Aaberge og Thea Lovise Holsen
- J13/14: Kaja Rekkedal og Marte Hovland
- J15/17: Julie Slattum Pettersen og Kristine Hovland
Me håpar at dette vert godt motteke hjå våre unge spelarar i breidden, og at både spelarar og fadrar har mange flotte stunder å sjå fram til!
STAO NO PAO!