Fantastisk krigesiger mot Egersund!
Me krigar med oss 3 enormt sterke poeng heim frå Egersund! A-laget
Me reiser heim frå Egersund med 3 enormt sterke poeng i bagasjen! Etter ein godt gjennomført bortekamp, med sterk lagmoral og kriging, vinn me 2-0 mot Egersund. Erik Hovden Flataker sendte oss i føringa i fyrsteomgang, og etter ein sterk prestasjon i forsvar avgjorde Martin Høyland kampen på elegant vis 8 minutt på overtid! Sjå høgdepunkta under:
Kampen byrja med eit lite overtak for heimelaget. Unøyaktigheit og slurv gjorde at det lugga litt, og Egersund fekk styre kampen. Utan å skape dei heilt sotre sjansane pressa dei gule og svarte oss bakover, men karadn stod bra i mot. Etter 20 minutt måtte diverre kaptein Per-Egil Flo ut med skade, og Andreas Kalstad kom inn på høgrekanten.
Karadn kom meir og meir med i kampen og etter 32 minutt satt ballen i mål. Oliver Hintsa utfordra på venstresida av 16-meteren og prøvde å legge ballen inn. Forsøket vart blokkert og Martin Sjølstad vann returen. På bakerste stolpe fann han Erik Flataker som enkelt satte ballen i mål. Spissen held fram scoringsformen, og står no med 6 seriemål. 0-1 var også stillinga til pause.
I andreomgang var det igjen Egersund som fekk ha mest ball, og det vart ein forsvarskamp for karadn. Lagmoralen og offerviljen fekk kom verkeleg fram, og karadn kjempa for kvarandre gjennom heile omgangen. Eit frustrert heimelag fekk aldri ballen i mål, og 8 minutt på overtid kom ein flott kontring den andre vegen. Målscorar Erik Flataker sendte ein perfekt vekta pasning mot Martin Høyland i fullt firsprang på ei kontring. Åleine med keeper var han iskald og lobba ballen elegant over keeper. Då kunne både spelarane, trenarane og supportarane sleppe jubelen laus. Sigeren var i boks!
Det var ein veldig nøgd trenar me fekk ein prat med etter kampen. "Eg er meget, meget stolt av gutane i dag!" er noko av det han seier i intervjuet under:
Me tek med oss desse poenga og den gode kjensla vidare i haustsesongen, og allereie neste helg kjem Levanger til Fosshaugadn. Tusen takk til dei som trossa både vær, vind og lang reiseveg for å støtta oss i dag. Fleire reiste heilt frå Sogndal tidleg på morgonen, og det betyr enormt mykje for oss å sjå dykk på plass! Det føles ekstra godt å kunne sikre sigeren med så god støtte frå tribuna! Sjå ropet under:
STAO NO PAO!