Fantastisk siger mot Kongsvinger!

Me tek ferie etter ein fantastisk siger mot Kongsvinger framfor over 4500 tilskodarar!

Det vart ein tilnerma perfekt siste kamp før ferien. Over 4500 tilskodarar, 0 baklengsmål og 3 særs viktige poeng var fasit etter at dommaren blas av kampen! Tusen takk til alle som tok turen!


Det var Kongsvinger som opna kampen med å ha mest ball, men bortelaget kom aldri heilt til dei store sjansane. Etter dei fyrste minutta tok me meir over, og halvvegs i omgangen kom leiarmålet. Fantastiske Edmund Baidoo rykka seg fri på høgresida og slo eit flott innlegg. I boksen venta Felix Eriksson og stanga ballen i mål. Akkurat den same kombinasjonen som sørga for den viktige utlikninga på Bislett førre runde! Det stod 1-0 til pause, og i andreomgang kom det fleire mål.

Andreomgang var jamn, og begge lag hadde gode sjansar. Lars Jendal varta opp med nokre fantastiske redningar, og i den andre enden fekk me ikkje ballen i mål. Ikkje før Edmund Baidoo bestemte seg for å sikre sigeren på eigenhånd. Etter 75 minutt spelt fekk han ball på eigen banehalvdel og satte fart. Alle som prøvde å stoppe han vart enkelt dribla vekk, og Edmund drog seg inn i feltet og satte ballen i mål! Fosshaugadn eksploderte, og 3 særs viktige poeng var i boks!

Det var heilt fantastisk å sjå så mange folk på tribuna i dag! Tusen takk til alle 4567 tilskodarane! Me håpar at mange av dykk vil koma tilbake, og at det vart ei god oppleving på Fosshaugadn i kveld! No ventar ein god ferie for karadn, men me er snart tilbake med nye kampar! Sjå video frå feiringa etter kampen her:


I morgon fortsetter Lerum Cup for fullt på alle arenaar, og me gler oss til å sjå mange unge fotballspelarar i aksjon igjen. Klokka 18:00 er det klart for ny kamp på Fosshaugadn: Sogndal 2 - Stryn. Siste kamp før ferien for Patrik Karoliussen og co er det verdt å få med seg!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: