Fantastiske Emil støttar oss uansett!
Emil Strand er supportar og støttar oss på kamp og trening heile sesongen!
Emil Strand (23) er eit kjent fjes på Fosshaugadn, og så lenge A-laget trenar eller spelar kamp er det god sjanse for at du finn Emil der. Både på trening, heimekampar og bortekampar er Emil på plass for å støtte oss. Bli litt betre kjend med ein av våre største supportarar!
Emil kjem frå Førde, og har seinare budd i Bergen og på Vassenden. I 2023 flytta han til Sogndal, og bur no i eiga leiligheit her. Han jobbar på Sogneprodukt og på fritida går det meste av tida til fotball.
Pappa Fabian Bergqvist frå Sverige fortel at han sjølv har vore supporter heile livet, og at når han flytta til Norge var han på leit etter eit lag å følgje:
- Min første Sogndalkamp var på hausten 1993. Eg har vore supporter heile livet og var umiddelbart på leit etter at eg flytta til Norge. Så tok turnuslege-kollegaen min frå Skjolden meg med på kamp. Eg trur at eg frå rundt 6-8 års alderen prøvde å vekke den same interessa hjå mine 3 barn, så truleg rundt 2009-2010 for Emil sin del. I starten var nok ikkje interessa så stor, men Emil var med på kamp. Då interessa verkeleg kikka inn (og då kikka det inn fullt og heilt) var nok i 2017-sesongen.
Emil fortel også at det var i 2017 han verkeleg vart interessert i fotball. Før dette har han vore ein gong på Anfield, og difor var det Liverpool som vart favorittlaget i England.
- Interessa kom i 2017, men eg har vore i Liverpool ein gong før det. Me såg Liverpool mot Newcastle, og det var då Luis Suarez spelte der. Eg har vore på Anfield tre gonger, og det har vorte siger i alle kampane.
2017 var året me diverre rykka ned frå Eliteserien etter tap i kvalifiseringsfinalen. Den siste serierunden den sesongen møtte me Vålerenga heime, og måtte vinne for å unngå direkte nedrykk. Eit skikkeleg fyrverkeri av ein kamp enda heile 5-2, og avslutta ein dramatisk sesong. Denne kampen hugsar Emil godt:
- Eg hugsar at eg var på kampen mot Vålerenga som enda 5-2. Mora mi kjem frå ein plass utanfor Ålesund, og det var ein veldig viktig kamp for å sende Aalesund ned til OBOS-ligaen. Eg trur eg gjekk glipp av to av måla fordi eg måtte på do, Sogndal scora to gonger når eg ikkje såg på, fortel Emil.
Dei siste sesongane har både Emil og pappa Fabian hatt sesongkort saman med Saftkokaradn bak mål. Emil har også vore ivrig på borteturar, og sett oss spele kamp over heile Norge. Både cupkampar i Bergen og i Førde, og seriekampar i Oslo i aust, Kristiansand i sør, Trondheim i nord og Bergen i vest: Emil er på plass for å støtta oss. Til bortekampen mot Start i Kristiansand reiste han med nattbussen frå Sogndal til Oslo, og vidare med toget til Kristiansand på morgonen. Det er ei reise som tek nesten 14 timar ein veg.
I 2023 var Emil på 12 bortekampar med A-laget. Å få med seg så mange kampar i løpet av ein sesong er imponerande, og me set stor pris på engasjementet til Emil. I år prøver han å reise på endå fleire, og er førebels i rute. Det er ikkje berre Sogndal Fotball Emil støttar. Han er også ivrig supporter for Sogndal FK Damer, og er på så mange kampar han klarar. I tillegg til alle heimekampane har han også vore med på bortekamp for å heie fram jentene!
Me er veldig takksame for den fantastiske støtta, og spelarane set stor pris på at Emil er på plass. I dag skal han sjå både Sogndal 2 sin kamp mot Høyang og Sogndal FK sin kamp mot Vålerenga 2! Tusen takk og Stao Pao Emil!
STAO NO PAO!