FBK Voss og Sogndal Fotball forlengar avtalen!
FBK Voss og Sogndal Fotball forlengar samarbeidsavtalen med ein avtale som strekkjer seg ut 2027!
Sogndal Fotball har fleire ulike samarbeidsklubbar i fylket som me arbeidar saman med. FBK Voss er ein av desse klubbane, og no har me skrive ein ny avtale som strekkjer seg til 31/12/2027.
Utviklingssjef Erling Ola Fykse er nøgd med avtalen:
- Me er glade for å kunne forlenga avtalen med FBK Voss. Avtalen gjer oss moglegheit til å læra av kvarandre og hjelpa kvarandre med å bli betre. Me kan hjelpa FBK Voss med ting me er gode på, og dei kan læra oss ting om det dei er gode på.
Avtalen inneber blant anna at FBK Voss får tilgang til trenar og lagleiarforum, skuleringsplanar og dialog mellom klubbane ved spørsmål. Ein gong i året reiser representantar frå Sogndal Fotball på besøk til Voss for å gjennomføre treningar eller kurs etter ønskje.
Dette seier dagleg leiar i FBK Voss, Hallgeir Finbråten, om avtalen:
- Det er kjempekjekt å kunne sjå til den kunnskapen og kompetansen Sogndal Fotball har. Me er ein ganske stor breiddeklubb og ønskjer å utvikla oss vidare. Då er me både audmjuke og stolte over å kunne dela erfaringar med ein klubb som Sogndal.
Og på spørsmål om kva utbytte dei har hatt av avtalen svarar han:
- Me har hatt kjempegodt utbytte av avtalen. Me har blant anna fått besøk av Nils Tore Krosshaug som har halde både trenarforum og fysiske treningar. Det gjer oss auka kompetanse både teoretisk og praktisk. I tillegg er det ein god motivasjon for dei spelarane som hospiterar med både gute- og jentelaga til Sogndal. Me håpar at dette skal vere ein sterk motivasjonsfaktor for å kunne ta nye steg. Samtidig sit me på mykje kompetanse innan breiddefotballen og rundt arrangering av feks Voss Cup som me håpar kan koma til nytte for Sogndal Fotball.
Eit av dei konkrete måla er å gjennomføre eit keepertiltak. Her får FBK Voss kome på besøk til Sogndal for trening og fagleg påfyll for både trenarar og spelarar. Utvalgte spelarar i alderen 13-19 år kan også få hospitere med Sogndal Fotball sine lag i nasjonale seriar.
- Dette er både klubbutvikling, trenarutvikling og spelarutvikling som me trur begge klubbane vil ha nytte av, seier Erling Ola Fykse.
Me er glade for at FBK Voss ønskjer å samarbeide med oss og ser fram til mykje positivt arbeid dei neste 4 åra.
STAO NO PAO!