Festfotball og storsiger mot Start!
Me fekk ein fantastisk start på haustsesongen og vann heile 4-0 mot Start! A-laget
Det vart litt av ein kamp på Fosshaugadn i dag! Festfotball og 4 flotte mål gjorde at me starta haustsesongen på best mogleg vis. Kaptein Per-Egil Flo sendte oss i føringa, Edmund Baidoo dobla leiinga før pause og Erik Flataker banka inn to mål i andreomgang.
Den fyrste omgangen byrja bra, og karadn tok tidleg initiativ. Når det var spelt 18 minutt kom leiarmålet, og det var kaptein Per-Egil Flo som stanga ballen i mål. Etter ein corner klarte karadn å halde trykket oppe, og med ein spelvending gjekk ballen ut til Edmund Baidoo som la inn mot bakerste. Óskar Borgþórsson sendte ballen inn igjen framfor mål, og der styrte Per-Egil Flo ballen i nettet med hovudet. Fortent leiing.
Karadn fortsatte å køyre på, og når det var spelt 33 minutt dobla dei leiinga. Felix Eriksson sendte ein nydeleg ball framover i bana mot Edmund Baidoo. Han brukte to berøringar på å sende forsvaret feil retning og banka ballen i mål på den tredje. Som vanleg var det ein god kamp av vår ghanesiske høgrekant. Nok eit flott mål gjorde at det stod 2-0 til pause.
Etter kvilen var det ein jamn kamp der bortelaget hadde moglegheit til å komme litt tilbake i kampen. Det ville ikkje Erik Flataker ha noko av, og i løpet av to minutt var kampen avgjort. I det 63. minuttet var Edmund Baidoo på ferde igjen og la inn frå høgre. Óskar Borgþórsson heada ballen inn igjen i feltet, og ballen endå i beina på Erik Flataker. Då var det ingen tvil: ballen skulle i mål, og Start-keeper Torkildsen var sjanselaus. Feiringa fortalde alt om kor god den scoringa kjentest. Sjå bilete for bilete under:
Berre 2 minutt etter låg ballen i mål igjen, og det var nok ein gong Erik Flataker som var sist på ballen. Oliver Hintsa fossa oppover venstresida på ein overgang og fann sin spisskollega på flott vis. Ein iskald og roleg Flataker runda keeper og satte ballen kontant i mål. Fosshaugadn eksploderte, og i løpet av to herlege minutt vart kampen avgjort.
Det var skikkeleg deilig å få ein slik start på haustsesongen. Tusen takk til alle som kom på kamp i dag. Denne sigeren gjorde godt, men allereie i morgon byrjar førebuingane til neste kamp. Laurdag 3. august ventar ein tøff bortekamp mot Egersund, og me skal vera klare! Høgdepunkt og bilete frå dagens kamp kjem på heimesida og i sosiale medium i morgon!
STAO NO PAO!
-
35Sætren
-
16Olugbe
-
33Kalstad73'
-
20Twum79'
-
36Årøy
-
37Konstali-Lødemel
-
31Nundal67'