Før Avspark

Sogndal - Odd

Eliteserien 2017 har hatt seg ein liten pust i bakken, og startar no opp att med nye spennande oppgjer. Me er klare for runde 13, og i går var det lokalderby på Møre.

Kristiansund tok i mot Aalesund, og det var bortelaget som kom best i gong slik at dei kunne gå til kvilen på stillinga 0-1. Heimelaget slo tilbake i 2. omgang og utlikna til 1-1, som vart sluttresultatet.

I dag og i morgon går resten av kampane i runde 13, som består av desse spennande oppgjera:

Laurdag
Kristiansund - Aalesund 1-1 (ferdigspelt)

Sundag
Haugesund - Rosenborg kl.18.00
Lillestrøm - Viking kl. 18.00
Molde - Tromsø kl. 18.00
Sandefjord - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Sogndal - Odd kl 18.00
Vålerenga - Strømsgodset kl. 20.00

Måndag
Brann - Stabæk kl. 19.00

Slik er tabellen før rundens kampar (her skal det plussast på eitt poeng kvar til Kristiansund og AaFK):

Skjermbilde 2017-06-16 18.27.341

Odd so langt i år 
Dei fleste spådde Odd som den sterkaste utfordraren til Rosenborg før sesongstart. Trønderane satte Fagermo sine menn skikkeleg på plass i opningskampen, og vann 3-0. Etter dette tapte Odd dei to neste bortekampane sine men dei vann heimekampane, slik at dei etter seks runder stod med tre sigrar heime og tre tap borte. I runde 7 slo dei Lillestrøm borte, og fekk nokre trepoengarar på rappen. I det siste har det gått litt meir trått, med tap heime mot Molde, og to kampar som enda med 0-0 og poengdeling. Me skal sørga for at dette blir den 4. kampen utan siger for Odd, som før runden ligg på 4. plass med 20 poeng.

Odd sine 5 siste kampar (2-1-2)
Odd - Strømsgodset 2-0
Haugesund - Odd 0-2
Odd - Molde 1-2
Sandefjord - Odd 0-0
Odd - Brann 0-0

Sogndal so langt i år
Sesongen starta litt bratt for oss i år, med mange langtidsskada spelarar og skral poengfangst. Ein periode danna me ein jumboduo i lag med Viking. So kom mai, som ofte har vore ein god månad for oss. Me sanka poeng både borte og heime, og klatra på tabellen. I den siste kampen før ferien såg det ut til at det skulle bli 2-2 mot Kristiansund, men fem minutt på overtid skåra Bendik Bye det avgjerande målet. Me tok difor ein pust i bakken med godkjensla intakt. Før denne runden ligg me på ein 9. plass på tabellen med 15 poeng. 

Gutta kom tilbake frå ferie denne veka, og har hatt ei god treningsveke med godt humør og overskot. Dei er klare til kamp!

Sogndal sine 5 siste kampar (3-1-1)
Sogndal - Viking 4-0
Molde - Sogndal 1-2
Sogndal - Brann 2-3
Kristiansund - Sogndal 1-1
Sogndal - Sandefjord 3-2

Vêrmeldinga
Kalendaren og gradestokken har ikkje heilt koordinert seg, og vêrmessig har ikkje juni teke heilt av. Per no er det litt lettskya, og skal ein tru Storm vil det regna under kampen. Me vel å tru på Yr i dag, som seier skya med glimt av sol. Gradene vil ligga rundt 12-talet, så det er ingen sommarvarme å snakka om. Men spelet til gutta kjem til å varma!

Bui
BillettBui opnar lukene klokka 16.00.
Kjøp billett på nettet her.
SogndalBui har masse flotte artiklar, sving innom! 

Les meir om Odd her

Sogndal - Odd
Fosshaugane Campus
Sundag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: