- For eit fantastisk anlegg!

Det var konklusjonen for mange av dei besøkande på Fosshaugadn i helga!

Denne helga har me arrangert NTF Elitetiltak på Fosshaugadn. Det er ei fotballturnering for gutar fødd i 2011, og laga som deltok var Åsane, Aalesund, Molde, Haugesund, Brann og Sogndal.

Kampane har vorte spelt ute på Fosshaugane Campus og inne i Sognahallen. Det har vore mykje aktivitet i helga, og mange unge fotballspelarar har vore i aksjon. Saman med trenarar, foreldre, søsken og besteforeldre har det vore godt over 300 besøkande knytt til turneringa denne helga. I tillegg har det vore mange frivillige i aksjon for å få arrangementet til å gå rundt. Tusen takk!

Utviklingssjef Erling Ola Fykse er godt nøgd med helga, og fortel om kva NTF Elitetiltak går ut på:

- NTF sine eliteturneringar er ei moglegheit for unge, ivrige fotballspelarar til å samlast og spela med og mot andre som ønskjer å bli fotballspelarar. Her får spelarane testa det fotballfaglege opp mot spelmodell, rollekrav osv. Dei får utøvd ulike fasar av spelet, og må handtera endringar undervegs i kampen. Dette er innlæring av fotballfaglege element for unge spelarar. Turneringane er også ei god sosial arena. Dei kjem inn her frå Sogndal og omegn, bur saman og lærer seg å bli ein gjeng. Ein gjer spelarane eit inntrykk av korleis ein skal representere Sogndallogoen.

- For eit fantastisk anlegg, dette skal de vera stolte av, var det fleire som sa etter ein runde i Sognahallen og på Fosshaugane Campus. Det er kjekt å få slike kommentarar frå besøkande fotballag, og det viser at anlegget vårt er imponerande samanlikna med andre klubbar i Norge. Fykse understrekar at anlegget er viktig for å arrangere ei slik turnering:

- Me er veldig godt rigga for å arrangere sånne arrangement. Fosshaugane Campus og Sognahallen er viktig for oss. For deltakarane er det korte avstandar mellom alt dei treng. Me har eit godt samarbeid med HVL  som leverar mat. Mellom kampane kan ein blant anna sjå A-laget trena og Sogndal NG15 spele seriekamp mot Odd. Det er også kort veg til sentrum, om ein vil gå ein tur mellom kampane. Samarbeidet med Quality Hotel Sogndal gjer deltakarane valet mellom å bu på hotell eller i klasserom på Campus. Folk som kjem til Sogndal snakkar varmt om anlegget, dei frivillige og dommarane. Me opplever at det er stor dugnadsiver blant folket i Sogndal, og ønskjer å takke alle som bidreg til at me kan arrangere slike turneringar!

Siri Andresen i Lurifax Support har gjort fleire intervju i løpet av helga:

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: