Fosshaugane Campus - til inspirasjon langt utanfor fylket

Levanger Kommune har besøkt Fosshaugane Campus

Fosshaugane Campus er eit unikt anlegg som får merksemd langt utanfor Sogndal og vårt eige fylke. Anlegget inneheld topp moderne fasilitetar for fotballen, men også så mykje meir. Skulane, bedriftene og idretten skapar og utviklar kvarandre, og Fosshaugane Campus er difor ein viktig samfunnsbyggjar her i Sogndal. Førre veke fekk me besøk frå Levanger Kommune som ønskte å læra meir om Campus.

"Målet med Fosshaugane Campus er å byggje samspelet mellom intellektuell og sosial utvikling, mellom entrepenørskap og ungdommeleg pågangsmot, mellom det profesjonelle og det frivillige. I denne smeltedigelen skal skule, idrett, friluftsliv, kompetanseverksemder og gründarar ha fokus på samhandling for å skape vekst for den enkelte og felleskapet"

Les meir om Fosshaugane Campus på denne sida!

Håvard Heistad og Svenn Robert Berg
Håvard Heistad og Svenn Robert Berg

- I Levanger har me eit OBOS-lag på ein kommunal arena som hadde trengt ein oppgradering. Me har sett på arenaar i norsk fotball der ein har hatt stor suksess, og Sogndal utmerka seg som ein av desse stadane. Me ser at det er noko meir enn berre fotball, og at ein har fleire bein å stå på. Ein har fått til eit samarbeid med andre aktørar i nærmiljøet, og samarbeidar godt med næringslivet, fortel Håvard Heistad i Levanger kommune. 

Håvard Heistad fortel at dei er i startfasen av eit prosjekt i Levanger, og at dei no reiser rundt for å hente inspirasjon og erfaringar frå andre klubbar:

- Etter at Brann og Viking vart slått ut av cupen vakna politikarane, og ein såg på moglegheiten for å bygge ut stadion. Modellen ein spelte inn var å bygge boligar på stadion, slik ein ser at fleire andre klubbar har gjort. Det er me ikkje så positive til, og inntrykket me har fått er at boligar og fotballstadion ikkje bør koplast saman. Ved å legge til rette for næringslivet sikrar ein også leigeinntekter i anlegget, og ein byggjer kvarandre opp. Me er kjempeimponert over det Sogndal har fått til. Dei fungerer som ein samfunnsbyggjar i Sogndal, og anlegget er veldig imponerande.

I løpet av besøket i Sogndal fekk dei både omvisning på anlegget og eit 3 timar langt møte om historia til Fosshaugane Campus:

- Det var eit veldig interessant besøk. Me fekk omvisning på heile anlegget og eit langt møte der ein forklarte korleis Fosshaugane Campus vart til. Me ser at det er nokre tydelege skilnadar mellom Sogndal og Levanger, men at det framleis er mogleg å gjere noko liknande. Det gjeld å vera god på organisering og å ha rett folk på rett plass. No vil me gå i dialog med Levanger FK, og næringslivet for å sjå om det er mogleg å få til noko.

Kva sit ein igjen med etter besøket i Sogndal?

- Me sit igjen med inspirasjon og ei betre forståing for korleis anlegget er bygd opp. Samtidig vil me skryte veldig av velkomsten me fekk når me kom til Sogndal. Den var heilt fantastisk, og me er takksame for det.

For å heile tida sikre utvikling, og at Fosshaugane Campus fornyar seg, er det viktig å tenke nytt. I desse dagar er ein i full gang med renovering av Svingenbygget, og Fosshaugane Campus er framleis i full utvikling. 

Les meir om prosjektet i denne saka!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: