OBOS-CAMP 20.-24. februar i Sognahallen
Fotballskule i vinterferien! (oppdatert)
KVA ER OBOS-CAMP?
OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp for barn og unge i aldersgruppa 6-12 år. Her vil det vera fokus på positive fotballopplevingar, heilheitleg utvikling og samhandling i fokus.
I vinterferien vil Sogndal Fotball arrangera OBOS Camp over fem dagar. Ein kan også velgje 2 eller 3 dagar. Ein kan velgje fritt mellom dagane heile veka.
Her vil Sogndal Fotball stille med flinke instruktørar og øvelsane som skal gjennomførast under campen er skreddersydd av NTF (Norsk Toppfotball).
Det blir gratis lunsj alle dagane, og deltakarane vil få utdelt t-skjorte og ball levert av OBOS!
Ein typisk dag på OBOS Camp består av to fotballøkter på feltet, samt sosial matpause. Kvar dag har et eige sportsleg tema som øktene tek utgangspunkt i. Fotballøkta før lunsj har fokus på trening og deløvelsar rundt dagens tema, mens fotballøkta etter lunsj består av ulike kampformer knytta til same tema.
OBOS-Camp Sogndal blir arrangert i Sognahallen 20. -24. februar i Sognahallen.
Påmelding kan skje ved to alternativ:
Påmelding via Ticketco
Påmelding via iSonen
Oppmøte: Frå kl 09.00 alle dagar
OBOS-Camp: 10.00-14.00 alle dagar
Lunsj/drikke: Inkludert i pris og gjeld alle dagar.
Trenarar vil vera frå utviklingsavdelinga og kjem til å leggje opp øvelsar som er skreddersydd frå NTF (Norsk Toppfotball).
Påmeldingsfrist: 19. februar
Me håpar å sjå mange ungar på OBOS-Campen i vinterferien!