Fotballsøndag på Syrstrond!

Me har vore på besøk hjå Syril!

I dag var me så heldige å bli invitert til fotballsøndag på Syril Stadion. Her skulle det spelast fleire aldersbestemte kampar og ei intern miniputt turnering for spelarar f. 2015-2018. Det var høg aktivitet, god stemning og mykje kjekke folk.

Syril spelarane sette stor pris på å få treffe Óskar, Felix og Joakim, samt trenarlegenda Nils Tore. Det vart skrive autografar, teke bilete og spelt fotballkamp. Spelarane frå Sogndal hadde store ambisjonar om å finstille siktet, dagen etter eit bittert tap mot Stabæk, men måtte sjå seg slått 3-0 av dei unge lovande frå Syril.

Sogndal Fotball takkar for invitasjonen og det gode klubbsamarbeidet! Me ønskjer Syril lukke til vidare i sesongen, og håpar å sjå dykk på Fosshaugadn i kampane som kjem!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: