Gastronomi i særklasse

Sogndal Fotball var på besøk på Vitemeir-senteret

Som ei oppladning til kampen laurdag, fekk spelarane bryne seg på å lage ulike matrettar på Vitemeir på Kaupanger.

Her vart det laga sunn og energirik kost i ulike variantar, me håpar at dette kan inspirera spelarane til kreativ kokkekunst på heimebane i kvardagen.

Karane gjekk inn i rolla med stor entusiasme og dei ferdige produkta vart særs velsmakande.

Me takkar Anita Fylling og dei tilsette ved Vitemeir, samt gode partnarar i Lerum, Toyota Sogn og AH Bygg som var med og bidrog til at me kunne gjennomføra denne kjekke aktiviteten.

Bileta i galleriet er tekne av Terje Teigen og Tore André Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: