Granheim-dobbel sikra sterk siger og avansement i NM!
Sogndal G19 er vidare i cupen etter ein sterk snuopperasjon mot Molde! Sogndal G19 Utviklingsavdelinga
Sogndal G19 er vidare i cupen etter ein kruttsterk siger mot Molde! Bortelaget tok leiinga etter berre to minutt, men Sander Aske Granheim scora to mål i andreomgang og sendte Sogndal til kvartfinalen!
Dette laget starta kampen: Daniel Gjerde Sætren, Sander Aske Granheim, Noah Heggestad, Emil Hillestad, Andreas Kalstad, Linus Heggestad, Kristoffer Haukås Steinset, Marius Årøy, Havila Bonabandi, Joakim Nundal og Viljar Stavø.
Benken: Ard Ragnar Sundal, Lukas Tangedal, Gudmund Andresen, Elias Flo, Khadar Ibrahim, Elling Kvåle, Andreas Duesund, Sverre Stavø og Mohammad Ali.
Det vart ein tung start på kampen for våre gutar. Allereie etter 2 minutt låg ballen i målet bak Daniel Gjerde Sætren. Magnus Fjørtoft Løvik fekk plutseleg mykje tid og plass ute til høgre, og framfor mål var han sikker. Då måtte Sogndal fram, og resten av kampen var prega av at Molde forsvarte leiinga. Sogndal hadde mykje ball, og trilla rundt med Molde utan å komme igjennom forsvaret. Like før pause fekk Viljar Stavø ein stor sjanse, men ballen smalt i stanga og ut. Dermed stod det 0-1 til pause.
Like etter pause satt utlikninga, og det var høgreback Sander Aske Granheim som ofra alt for å få ballen i mål. Etter ein corner lempa Kristoffer Haukås Steinset ballen inn i boks. Keeper fekk klarert ballen ut til Viljar Stavø, som sendte avgarde eit skudd. Forsøket vart blokkert av ein Moldespelar, men Sander Aske Granheim kasta seg inn og fekk kriga ballen i mål. Eit fortent mål gjorde at det stod 1-1 på Fosshaugadn!
Når det var spelt 78 minutt kom endeleg leiarmålet etter at ein pressa bortelaget over lang tid. Også denne gongen var det på dødball scoringa kom, og det var same mann som scora. Corneren frå Havila Bonabandi fann Emil Hillestad i feltet. Den unge midtstopparen fekk kontroll på ballen og dempa den til Sander Aske Granheim. Frå 7 meter breidsida han ballen i mål, og karadn var i leiinga!
Etter scoringa måtte bortelaget Molde fram, og skapte fleire farlegheiter. Stolpetreff, gode redningar frå Daniel Gjerde Sætren og ein heroisk redning frå midtstoppar Emil Hillestad hindra fleire baklengs. Til tross for nokre store overgangsmoglegheiter vart det heller ingen mål, og kampen enda 2-1. No er me klare for kvartfinalen i G19 NM. Den skal etter planen spelast onsdag 18. eller torsdag 19. september. Me kjem med meir info om kampen når motstandaren er klar.
STAO NO PAO!
-
12Sundal
-
17Andresen
-
25S. Stavø
-
13Flo
-
24Ibrahim
-
22Kvåle
-
14Tangedal
-
21Ali
-
16Duesund