HEI*kampanje

Me er stolte MOT-ambassadørar, og er med i HEI*kampanjen


Eit Hei er ein av dei enklaste måtane å møta kvarandre på. Derfor køyrer MOT no ei landsdekkjande hei-kampanje for over 70 000 ungdommar, der målet er å løfta blikket og sjå menneska rundt oss

– Mange ungdommar gler seg, men me veit også at det dessverre er mange som gruer seg og har ein ekkel klump i magen før skulestart. I MOT ønskjer me å bevisstgjera alle viktigheita av å seia hei og sjå kvarandre

Sogndal er MOT-klubb. Det medfører blant anna at me spelar med MOT-logoen på draktane våre

- MOT styrkjer ungdoms robusthet, livskvalitet, mentale helse, medvit og mot. MOT fremjar trygge klassemiljø der alle blir inkluderte

- MOT førebyggjer ekskludering, mobbing, vald, rusmisbruk, kriminalitet og psykiske vanskar

Dette blir gjort gjennom MOT-konseptet med enkle livsverdiar og skreddarsydde MOT-program som blir brukte av blant anna skular og kommunar

► MOT til å bry seg
► MOT til å leve
► MOT til å si nei

Les meir om kampanjen på heimesida til MOT her

Me håpar dette inspirerer andre til å også seia hei til folk dei møter på, det betyr meir enn du trur!

STAO NO PAO!

1_Bokmål_Sort.png
Annonse fra Obos-ligaen: