Hintsa scora hattrick då Sogndal 2 vann mot Stryn!

Oliver Hintsa scora hattrick i Sogndal 2 sin siger mot Stryn

Det enda med nok ein siger for Sogndal 2 i kveld. Stryn tok leiinga, men kampen vart raskt snudd og det stod til slutt 5-1 på tavla. Det betyr 3 nye poeng og ei god kjensle etter siste kamp før ferien!

Dette var laget som starta dagens kamp:

Magnus Stær-Jensen, Johannes Konstali-Lødemel, Emmanuel Olugbe, Mathias Øren, Sander Aske Granheim, Havila Bonabandi, Marius Årøy, Isaac Twum, Andreas Kalstad, Oliver Hintsa og Viljar Stavø.

Sogndal 2 borte (3).png

Det var bortelaget som scora det fyrste målet, og det kom på ein litt spesiell måte. Keeper Magnus Stær-Jensen vart liggande nede etter ein duell i 16-meteren. Ballen var framleis i spel, og Stryn sin Ola Holmlund Ørjasæter tok den med og satte ballen i ope mål. Til tross for protestar vart målet ståande.

Sogndal 2 kom raskt tilbake og etter 29 minutt var det Havila Bonabandi som banka til. Skotet gjekk via tverrliggar og i mål. 1-1 og heimelaget var i gang. Berre nokre minutt etter kom leiarmålet. Marius Årøy spelte gjennom Oliver Hintsa på høgresida av 16-meteren. Spissen vendte om og banka ballen i mål til 2-1. Og like før pause kom det endå eitt. Flotte kombinasjonar sendte Sander Aske Granheim fri på venstresida. Venstrebacken la ballen ut til Oliver Hintsa som satte inn sitt andre mål på 4 minutt. Dermed stod det 3-1 til pause.

I andreomgang var det duka for fleire scoringar, og Viljar Stavø skulle sjølvsagt vere involvert. Etter 55 minutt spelt vart han takla av keeper i 16-meteren og dommar Tommy Skjerven peika på straffemerket. Der er Stavø sikker som banken og satte enkelt inn 4-1. Spisskollega Oliver Hintsa var ikkje ferdig for dagen og etter 77 minutt spelt kom hattricket. Sander Aske Granheim var nok ein gong servitør og la den perfekt til rette for svensken. Ei kontrollert avslutning gjorde at det enda 5-1 til Sogndal 2 over Stryn. Måla ser du her:


No ventar ein liten ferie for Sogndal 2 og resten av Kretsligaen. Dei neste kampane går 10. august.

STAO NO PAO!

Asset 1 Asset 2
1
Stær-Jensen


4
Granheim
30
Olugbe
18
Øren
3
Konstali-Lødemel
Substituted out 77'


23
Kalstad
Substituted out 46'
25
Twum
8
Årøy
19
Bonabandi
Substituted out 59'
Goal 29'


27
Hintsa
Substituted out 88'
Goal 40'
Goal 44'
Goal 77'
10
Stavø
Substituted out 76'
Goal 55'
Innbytarar
17
Andresen
7
Bringas
Substituted in 77'
5
N. Heggestad
20
L. Heggestad
24
Ibrahim
Substituted in 88'
22
Kvåle
Substituted in 46'
15
Olsen
14
Ravnestad
Substituted in 59'
16
Duesund
Substituted in 76'
Innbytarar
  • 17
    Andresen
  • 7
    Bringas
    Substituted in 77'
  • 5
    N. Heggestad
  • 20
    L. Heggestad
  • 24
    Ibrahim
    Substituted in 88'
  • 22
    Kvåle
    Substituted in 46'
  • 15
    Olsen
  • 14
    Ravnestad
    Substituted in 59'
  • 16
    Duesund
    Substituted in 76'

Annonse fra Obos-ligaen: